Kommentar

Lite lågare enn Gud, ikkje større

TRU OG VITSKAP: Over helga er det ti år sidan menneska oppdaga «gudspartikkelen». Det kallar på både stoltheit og audmjuke.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Menneska har alltid undra seg over universet og vår eigen plass i det. Kanskje er vi meir eksistensielle om vinteren enn no midt på sommaren. No skin sola og vi rettar blikket mot nærmaste badestrand. Om vinteren stirer vi opp på nattehimmelen og fell i tankar om eksistensen, om stjernehimmelen over oss og grunnen under føtene våre.

Det er likevel ingen grunn til å skyve dei store spørsmåla under piknikteppet. Vi lever i urolege tider. Vi treng rett nok ein dose sommaridyll for å lade batteria til fornya dyst. Men sjølv ikkje den norske fellesferien kan fortrenge kjensla av at noko står på spel, at dei gode kreftene må mobiliserast, at vi må stå opp mot urett, ikkje sove bort sommarnatta.

Undring under stjernene

Kva er då eit menneske, spurte salmisten i Bibelen, i ein av salmane som er tillagt kong David. Også kong David såg opp mot stjernehimmelen og undra seg. Og han reflekterte rundt menneskeverdet. Forvaltaransvaret. Vår eiga vesle jord i Guds store univers.

Vår eiga tid er prega av dei same spørsmåla som kong David var opptatt av for 3000 år sidan. Kva er eit menneske? Kva slags ansvar har vi som menneske, for kvarandre og for verda? Kan vesle meg utgjere ein forskjell, eller kan eg like godt sette bind for auga og la universet skure og gå?

Somme tider kan det vere freistande å snu seg bort. Universet har vi ikkje oversyn over. Det same med jordkloden, det skjer stadig nye uføresette vendingar i menneskeheimen. Klimaendringar, krig og terror kan gjere oss motlause. Vi trudde vi var på ein god stad, og så var verkelegheita brått så annleis, så mykje meir krevjande.

Innimellom kan vi endåtil kjenne oss resignerte. Vi kjempar ein fåfengt kamp. Det nyttar ikkje. Vi er for få og for små. Endåtil kong David, som styrte eit heilt kongerike, kjente seg liten då han såg opp på himmelen, på månen og stjernene. Samtidig kom han fram til ein konklusjon som er det motsette av resignasjon: Gud har gjort menneska lite lågare enn seg sjølv! «Lite ringare enn Gud» stod det i den førre norske bibelomsettinga.

Det eine vesle mennesket som stirer opp i det uendelege verdsrommet, har altså uendeleg verdi. Og det du gjer, betyr noko. For andre. For deg sjølv. For Gud.

Det eine vesle mennesket som stirer opp i det uendelege verdsrommet, har altså uendeleg verdi

—  Alf Kjetil Walgermo

Verdshistorisk partikkelfunn

Over helga er det ti år sidan forskarane ved CERN, den europeiske organisasjonen for kjernefysisk forsking, fann den såkalla «gudspartikkelen», Higgs-bosonet. Det var eit verdshistorisk funn. Den tyske vitskapsmannen Albert Einstein hadde allereie forklart samanhengen mellom energi og masse gjennom formelen E=mc², kjent som relativitetsteorien. Den britiske fysikaren Peter Higgs fann seinare ut at det måtte eksistere eit ukjent kraftfelt som ved å gi partiklane energi, samtidig gir dei masse. I 1964 postulerte han at denne elementærpartikkelen måtte eksistere, og eit halvt hundreår seinare klarte forskarane å påvise det. Pressemeldinga om funnet av «gudspartikkelen» gjekk ut den 4. juli 2012.

Partikkelfysikk kan for somme fortone seg vanskeleg. Då er det kanskje lettare å tenke på dei lange linjene bak forskingsresultatet som kom for ti år sidan. Om vi tenker oss ein Gud som står bak alt det skapte, står han også bak menneska sine evner til å bygge ein partikkelakselerator og påvise ein ørliten partikkel som er essensiell for alt vi ser rundt oss. Ved å oppdage «gudspartikkelen», oppdagar vi litt meir om Gud, kunne vi seie. Vitskapeleg sett forstår vi meir av rammene for vår eigen eksistens. Utan «gudspartikkelen» ville ikkje verda vore til.

Styr unna hovmodet

Oppdaginga av «gudspartikkelen» kallar både på stoltheit og audmjuke. Menneska får til mykje, vi er lite lågare enn Gud. Sjølv dei minste byggesteinane i universet kjenner vi no til.

Samtidig skal vi vakte oss for hovmodet, som ramma folket i Babel mens dei bygde på eit tårn som skulle nå like inn i himmelen. Vi er lite lågare enn Gud, men vi er heller ikkje større. Vi brukte 3000 år sidan davidssalmen på å oppdage ein partikkel som er føresetnaden for masse, for menneskeleg liv, for den materielle sida av «kva er då eit menneske».

Men framleis finst det mykje å utforske, både i vitskapen og i trua. Ingen av oss kjenner endane av universet. Og ingen av oss kjenner djupnene i Gud.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar