Kommentar

Hard kamp om makta i Norge IDAG

Finn Jarle Sæle står mot Bjarte Ystebø i ein opprivande konflikt om redaktørstolen. Bli med bak redaksjonsdøra i Norge IDAG-striden.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kraftsalvar som ein sjeldan høyrer i kristne samanhengar, har dei siste vekene hagla i den bitre striden mellom assisterande sjefredaktør Bjarte Ystebø og hans mangeårige sjef, Finn Jarle Sæle, om leiinga av den kristne vekeavisa Norge IDAG. Sistnemnde kallar det ein åndskamp.

Stridens kjerne handlar om kven som skal vere sjef for avisa, etter at Ystebø i 23 år har vore Sæles trufaste disippel.

Etablert etter Dagen-strid

Vi snakkar om avisa plassert heilt i høgrekanten på konservativ side av kristen-Norge: 11.000 abonnentar, tett knytt til Jan Hanvolds Visjon Norge-konsept, med base i Bergen og ei av rørslene bak Oslo Symposium.

For Sæle-fløya vert striden opplevd som ein reprise av striden som førte til etableringa av Norge IDAG, då Sæle måtte gå som Dagen-redaktør for 23 år sidan. Det forsterkar nok krafta i konflikta

—  Emil André Erstad, kommentator

Avisa vart etablert av Sæle i 1999, som eit resultat av at han vart tvungen til å gå av som sjefredaktør i Dagen. Sæle og Norge IDAG er kjend for si kompromisslause haldning mot sjølvbestemt abort, likekjønna ekteskap og fjellstø støtte til Israel. Eit av avisas viktigaste prosjekt er å verne om det dei ser som Bibelens autoritet.

Så tilbake til det som no utspeler seg for full scene frå Norge IDAGs redaksjonslokalar, der avisa held til i Credokirkens lokale på Bønes i Bergen.

Fann ut av samarbeidet

Mange har spurt seg korleis samarbeidet mellom Ystebø og Sæle eigentleg har vore.

Ystebø er kjend som ein intelligent, velformulert, polert og skarp strateg med eit sterkt kristenkonservativt standpunkt. Sæle blir oppfatta som lausare i snippen, meir spissformulert og uhøvla når han uttalar seg eller skriv. Teologisk er Ystebø og Sæle nesten heilt like, har same visjon for avisprosjektet og orienterer seg begge mot dei mest konservative delane av kristen-Norge.

Spørsmålet er kva konsekvensar striden får for avisa og prosjektet, uansett kven som skal leie den vidare. Ein ting er i alle fall sikkert: Maktkamp og åndskamp er ein eksplosiv cocktail.

—  Emil André Erstad, kommentator

Det er difor vanskeleg å forstå det som skjer i Norge IDAG som noko anna enn ein maktkamp. Avisa er Finn Jarle Sæles store livsverk, eit prosjekt han skapte som gründar i 1999. Det er ikkje utenkeleg at det er vanskeleg å gje slepp.

Likevel har Ystebø sagt at samarbeidet mellom dei to har vore godt, mellom anna i eit intervju med avisa Dagen – som har dekka konflikta tett og opplysande. I alle fall inntil heilt nyleg. Ein av grunnane til at det har vore så godt, er at Ystebø stort sett har fått styre avisa og vore ansiktet ut i dei offentlege debattane, medan Sæle har produsert leiarartiklar og sysla med økonomi og administrasjon.

Avklaring var ikkje avklaring

Ystebø har likevel kjend behov for ei avklaring om redaktørspørsmålet, for å finne motivasjon til å halde det gåande. Frå han lufta spørsmålet ved juletider i 2019, vart stemninga med Sæle-fløyen merkbart dårlegare.

Frå Ystebø-fløyen vert det trekt fram at Sæle har vore lite til stades i redaksjonen i mange år. Sidan pandemien har ikkje Sæle vore på kontoret i det heile. Frå Sæle-fløyen er forklaringa at Sæle har jobba til alle døgnets tider, og derfor har arbeidd mest effektivt frå heimekontoret. Då Ystebø fekk ansvar for å omorganisere kontoret for ein del år sidan, vart det ikkje laga eit eige kontor for Sæle. Fleire reagerte på dette, men det vart konkludert med at han ikkje trengte det, så lite som han var i redaksjonen fysisk. Avtala var at Sæle skulle bruke møterommet då han besøkte redaksjonen.

11. mars i fjor fekk Ystebø førespegla at han ville bli sjefredaktør sommaren 2022. Då det gjekk mot jul, kom det likevel fram at Sæle tenkte seg sjølv i rolla som «publisher». Det betyr vanlegvis at du er dagleg leiar og sjefredaktør. I tillegg vart det kjend for Ystebø at det skulle føregå ein aksjeemisjon, med ein av konsekvensane at Sæle-familien ville få større kontroll med driften.

Maktkamp og åndskamp

Så byrja skuldingane å hagle. Ystebø har blitt kalla for kuppmakar, illojal og judas . Jan Hanvold i Visjon Norge har stilt det retoriske spørsmålet: Hva skal vi med Satan når mennesker lar seg bruke på denne måten, for å si det sånn? Visjon Norge er del av ein livsviktig symbiose for Norge IDAG. Sæle-fløyen har òg vist til lydopptak der Ystebø skal ha sagt at han er utpeika av Gud til å leie avisa.

Striden er oppsiktsvekkande open. Etter at fleire medlemer av redaksjonen sendte eit brev til Sæle ved starten av året, til støtte for Ystebø, har det no vore isfront mellom fløyane. Neste veke skal striden bli avgjort på generalforsamlinga. Ingen av sidene er sikre på kven som har mest støtte frå aksjonærane, men Ystebø-fløyen ser ut til å ha større tru på siger enn Sæle. For Sæle-fløya vert det opplevd som ein reprise av striden som førte til etableringa av Norge IDAG, då Sæle måtte gå som Dagen-redaktør for 23 år sidan. Det forsterkar nok krafta i konflikta.

Spørsmålet er kva konsekvensar striden får for avisa og prosjektet, uansett kven som skal leie den vidare. Ein ting er i alle fall sikkert: Maktkamp og åndskamp er ein eksplosiv cocktail.

------------------------

Norge IDAG

  • Konservativ, kristen vekeavis, med base i Bergen.
  • Starta opp i 1999, av Finn Jarle Sæle.
  • Om lag 11.000 abonnentar, utgjeving ein gong i veka.
  • Konflikta handlar om kven som skal leie avisa, etter at Finn Jarle Sæle etter planen skulle trekke seg tilbake.
  • Assisterande sjefredaktør Bjarte Ystebø har mobilisert aksjonærane for å sikre støtte på generalforsamlinga onsdag 29. juni.

-----------------------



Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar