Kommentar

Ivankas markering av avstand

Når Ivanka Trump seier at ho «aksepterte» konklusjonen frå Trump-justisminister Bill Barr om at valresultatet var reelt, markerer ho større avstand til far sin enn nokon gong før – men kva gjorde ho med det?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Fembarnsfaren Trump legg ikkje skjul på at Ivanka er favoritten. Dei to har jobba tett saman i heile Ivanka sitt vaksne liv. Fråsegner som «om Ivanka ikkje var dottera mi hadde eg nok bede henne på stevnemøte» gjer sitt til at forholdet mellom far og dotter Trump har vore gjenstand for krass satire gjennom ei årrekke.

Sjølv om Ivanka ikkje hadde nokon kvalifikasjonar av typen ein normalt ser etter i ein rådgjevar for presidenten, var det slett ikkje overraskande at ho fekk ein slik prominent stilling i Trump sitt kvite hus.

Misnøgde med Trumps syn

Ivanka Trump og ektemannen Jared Kushner var del av den styrtrike og relativt liberale eliten i New York før far og svigerfar Donald Trump vart presidentkandidat. Gjennom dei fire åra han sat i Det ovale kontoret freista Ivanka ei krevjande balansekunst: Å vere tett på makta, og ein far ho står svært nær, samstundes som ho heldt ein armlengdes avstand.

Gjennom Trump sin presidentperiode gjekk pressa i periodar varm med nyhendesaker som siterte anonyme kjelder på at Ivanka og Jared i stilla var misnøgde med ekstreme standpunkt Donald Trump gav uttrykk for. Sakene anførte gjerne at Ivanka var involvert i samtalar med presidenten, med sikte på å endre politikk i meir sentrumsorientert retning. Nokre håndfaste resultat av desse samtalane materialiserte seg aldri.

Omsynet til eige omdøme

Det er brei semje om at Ivanka og Jared sjølv var kjelder til mange av desse sakene, og at hensikta først og fremst var omsynet til eige omdøme. Ifølgje tilsette i Det kvite huset skal ekteparet Trump-Kushner i liten grad søkt å bruke den innverknaden dei måtte ha over presidenten til å endre upopulære standpunkt og politikk.

Svigerson Kushner var oppteken med eit breitt felt av politiske oppgåver mange meinte han ikkje var esla til. Kushner, som er jurist og har jobba primært som eigedomsinvestor, fekk mellom anna ansvar for Trump-administrasjonen sitt arbeid for fred i Midtausten. Ivanka Trump var stort sett fokusert på mindre saker, som betalt foreldrepermisjon og meir ulne initiativ for kvinnerettar. Alt tyder på at snakket om å arbeide i det stille for å påverke presidenten i dei store sakene var nettopp det: Snakk.

Kva – om noko – ho gjorde ho?

Når Ivanka no innrømmer til 6. januar-komiteen at ho aksepterte at valresultatet i 2020 var legitimt, er det ei implisitt markering av avstand til faren, men det kan også vere eit ledd i den same nitide omdømebygginga ho har drive med lenge. I dei neste offentlege høyringane får vi venteleg sjå fleire utdrag frå Ivanka sitt vitnemål til komiteen. Vonleg må ho då svare på kva – om noko – ho gjorde for å freiste å få far sin til å komme til same konklusjon som ho sjølv.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar