Kommentar

Leirbåla som sloknar

Samfunnspulsen slår stadig svakare. Derfor er bilkøen ut av Oslo før ei langhelg noko av det finaste som fins.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det går sakte på E18 ut av Oslo. Trafikken står nesten stille. I bilane rundt sit frustrerte menneske som ergrar seg, born som vert gretne og Google Maps som viser at framkomst vert stadig lengre over midnatt.

Kanskje spør dei som sit i køen seg: Kvifor må alle ut av byen samstundes?

Individualismens tidsalder

Denne bilkøen er noko av det finaste som finst i samfunnet vårt. La meg komme tilbake til det.

Vi lever i individualismens tidsalder.

Det er mykje fint ved at folk kan velje meir fritt enn før. Det er meir akseptert å vere annleis. Konformitetspresset vert mindre. Folk kan legge opp dagane som dei ønsker. Leve liva som dei vil.

Men noko går òg tapt når liva blir dine og mine, og mindre våre.

«Senkveld» og «Skavlan» slokna

I fjor åtvara medieprofessor Gunn Enli om at «leirbålet har slokna».

Ho sikta til at fleire av dei fellesarenaene vi har hatt som samfunn dei siste tiåra – talkshowa på TV – var i ferd med å forsvinne. «Skavlan» forsvann frå skjermen rett før jul i fjor, med rekordlåge tal. Berre litt over 200.000 nordmenn såg programmet. Programmet hadde så seint som våren 2015 i snitt ein million sjåarar. «Senkveld» forsvann òg.

Ikkje fordi vi slutta å sjå på TV. Research-sjefen i Discovery sa det slik: «Det er fortsatt liv i bålet, men nå brenner det ikke bare ett sted om gangen, det brenner overalt.»

Framleis fyr i NRK

Då er det vel strengt tatt ikkje lenger noko leirbål, men mange små, ulmande skogbrannar – eit talande symbol på den aukande individualismen.

Det er framleis litt glør att i leirbålet NRK, med store samlingsstader som Dagsrevyen og Lindmo.

Før kunne vi sjå på TV og rekne med at alle hadde sett det same dagen etter, i lunsjen på skule eller jobb.

Det betyr ikkje at alt var betre før.

Sats heller enn idrettslaget

Det er fint at folk kan binge kva serie dei vil, heller enn å sjå den dårlege fredagskrimmen NRK har vald ut for sitt publikum.

Men vi mistar leirbålet.

TV-utviklinga er berre ein liten del av dette. Fragmenteringa og individualiseringa i samfunnet får større konsekvensar, som til dømes aukande polarisering og mindre felles referansar.

Før gjekk dei fleste gutane i klassen på fotball, og jentene på handball – eller omvendt.

I dag går ein på parkour, ein annan på skating, ein tredje på undervasspolo og den fjerde på friidrett. Det er ikkje sjølvsagt at du møter klassekameratane på fritidsaktiviteten etter skulen.

Før trente vi saman i idrettslaget, no bipar vi oss inn med medlemskortet på Sats.

Institusjonane som batt oss saman

Det er ikkje eingong sjølvsagt at du møter dei du bur attmed, på skulen. Montessorri, kristen friskule, Steinerskule eller kva-som-helst.

På mindre stader er det gjerne framleis slik at borna til bankdirektøren og bonden går i same klasse. Det gjer dei ikkje i byen, der folk hopar seg saman i sine sosiokulturelle grupper i nabolag – ofte etter kva utdanning, inntekt og familiebakgrunn dei har.

Der ser vi svekking av dei institusjonane som bind oss saman.

Fellesskap i små siloar

Eit anna talande eksempel er 17. mai-feiringa. Fram til nyleg var det borna sin dag, der vi gjekk i tog saman, møttest på skulane og sprang potetløp. No er Facebook-feeden full av veneselskap, bakgardsfestar og champagnefestar. Fellesskapsdagen blir òg mindre felles, der vi feirar den i våre små siloar.

Tilboda som sprett opp over alt i samfunnet, botnar i den same megatrenden: Du skal få gjere det du vil. Då blir det naturlegvis færre som gjer det same, kan dele opplevingane og kjenne større fellesskap.

Meir enn før, er det no blitt slik: Vi ser ikkje på dei same TV-programma, deltek ikkje på dei same aktivitetane og går ikkje på dei same skulane. Vi får færre møteplassar for folk som er ulike oss sjølve.

Kva samfunn skapar vi?

Og no skal vi heller ikkje ha fri på dei same offentlege fridagane – viss enkelte får bestemme.

Kall det amerikanisering. Kall det liberalisme. Kall det individualisering. Det er ikkje så viktig, sjølv om mykje av det er fint.

Det viktige er å stille spørsmåla: Kva gjer det med oss? Kva samfunn skapar vi?

På veg til Vestlandet, for å nytte den ovale Kristi Himmelfarts-langhelga mest mogleg effektivt, kom denne refleksjonen medan eg hamra frustrasjonen over den saktegåande køen med bankande nevar i rattet. Turen frå Oslo til Sandvika tok to timar, ikkje 20 minutt som det pleier. Bilkø i seg sjølv er jo ikkje noko positivt, med all eksosen, tidsbruken og frustrasjonen.

Det var ikkje køen i seg sjølv som fekk meg til å tenke at den var fin, men kva den symboliserte: samfunnslim, fellesskap og felles opplevingar. Denne frustrerande, klimafiendtlege køen var biletet på den fysiske samfunnspulsen. Det finst framleis ting som er felles. Dei fleste av oss har fri kvar helg – nesten alle har fri på søndagen.

Fri samstundes

Det er jo forståeleg at nokon av dei som sat i køen tenkte at det ville vore betre å bytte ut Kristi Himmelfartsdag med ein annan fridag som passa betre og skapte mindre kø. Kva er vel poenget med at alle nordmenn skal ha fri på same dag – i 2022 – fordi ein fyr i Palestina viste seg for disiplane sine og fór opp til himmelen? Kva er poenget med all denne køen?

Samstundes er noko av det finaste som framleis finst, at vi har fri på dei same tidene. Det er ikkje så viktig at det er heilagdagane. 1. mai er ein like fin dag for samfunnet å ha fri på, som 2. pinsedag.

Kanskje er dei kristne merkedagane det beste vi har, og derfor er det like greitt å ta vare på dei.

For vi treng noko som er felles. Fordi det bind oss saman. I ei tid der leirbåla sloknar.


Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar