Kommentar

Bønerop frå bomberom

I eit bomberom i Kharkiv har den russisk-ortodokse Ivan mange gonger måtte gøyma seg for rakettar som hans eigen patriark har velsigna.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Nesten dagleg får eg meldingar frå Ivan i den krigsherja ukrainske byen Kharkiv. Han fortel om tragedien i heimlandet. Ivan er russisk-ortodoks kristen, medlem av kyrkja som vert styrt av Moskva-patriark Kirill. Eg spurte ein dag kva han tenkjer om at patriarken hans støttar Putins krig.

Ivan svarte med å senda bilete av tomme barnevogner på Rynok-plassen i Lviv. Aksjonen «Krigens pris» starta i midten av mars, som protest mot at minst 109 ukrainske barn til då var drepne. Like etter sende Ivan meg bilete av døde barn og skreiv at «dette er resultatet av spesialoperasjonen for å av-nazifisera Ukraina».

Eg ber også – og kjenner meg makteslaus. Ivan trur framleis på bøn

—  Johannes Morken

Det var svar nok. Det er ein avgrunn mellom patriarken i Danilov-klosteret i Moskva og den djupt truande Ivan i patriarkens eiga kyrkje i Kharkiv.

Den mektige kyrkjeleiaren støttar president Putins krig og alt dens vesen, inkludert atomrakettane som Putin har rasla med. Når Ivan tek seg ut av bomberommet i Kharkiv, deler han ut biblar og naudhjelp – og ber om at den grufulle krigen skal ta slutt.

Eg ber også – og kjenner meg makteslaus. Ivan trur framleis på bøn.

«Eg vil følgja Kristus»

Nina Belyayeva er protestantisk kristen. Som medlem i kommunistpartiet vart ho valt inn i kommunestyret i Semiluk i Voronezh-regionen, søraust i Russland, i retning Donbass i Ukraina.

I slutten av mars tok Belyayeva ordet i kommunestyret. Ho kalla invasjonen eit krigsbrotsverk. Då andre representantar ropte mot henne, måtte Belyayeva gjenta bodskapen:

«Ein kristen er ikkje ein som ber eit krossteikn. Ein kristen er ein som følgjer Kristus og som set Guds ord og Kristi autoritet mykje høgare enn autoriteten til presidenten. For ein kristen er Kristi autoritet viktigare enn meininga til patriarken.»

Like etterpå røysta 20 av 23 medlemmar for å krevja henne straffeforfølgd. Kommunistpartiet ekskluderte henne, melder Forum18 Newsservice.

Sett på som kriminell

No er Belyayeva under etterforsking som kriminell. Ho er sikta for offentleg å ha spreidd falsk informasjon om den russiske hæren, skulda for å ha brote artikkel 207.3 i den hastevedtekne lova som trugar med lange fengselsstraffer for dei som stiller den russiske hæren i miskreditt.

I den uavhengige avisa Moscow Times forklarte Belyayeva at ho ikkje kunne teia, for dersom ho ikkje sa i frå, var ho ikkje «ein sann kristen og eit sant menneske».

Belyayeva risikerte fengsel. I slutten av april flykta ho frå Russland.

«Ukrainsk blod på hendene»

Den russisk-ortodokse presten Viktor Ioann Burdin i Karabanovo, nær 40 mil nordaust for Moskva, vart bøtelagt fordi han protesterte mot krigen. Burdin ville heller ikkje teia, «for ukrainsk blod vil bli verande på hendene også til dei som som teier, ikkje berre på hendene til dei som gav ordren, som utfører ordren og dei som støttar krigen», skreiv han.

Presten Burdin veit at han risikerer år i fengsel om han ikkje held munn, særleg etter at Putin i ein tale i mars kalla kritikarar, som Burdin, for «avskum», «svikarar» og «insekt». Søndag fekk eg ny melding frå Burdin, sendt på den krypterte appen Telegram: Han hadde kryssa grensa ut av Russland. Burdin ber meg ikkje seia kvar han skal, han lever enn med ein viss risiko. Han held fast på at Kristi bodskap er kjærleik og fred, ikkje angrepskrig.

Gud i grunnlova

Ein arg lesar ringte meg sist veke etter at eg hadde samanlikna Putins brutalitet med Hitlers. Samanlikninga hadde eg lånt av presten Burdin: «Lat oss ikkje gjenta brotsverka til dei som hylla Hitlers aksjon 1. september 1939», skreiv han i protesten som han fekk bot for. Men lesaren var klar, som kristen kunne eg «ikkje kritisera eit regime som har kristendommen i grunnlova!»

Ja, Gud står i den russiske grunnlova. I 2020 fekk president Putin inn formuleringa om at Den russiske føderasjonen, «som vert halden saman av ei tusenårig historie, held oppe minna om forfedrane som gav oss verdiane sine og trua på Gud…»

Tillegget har vist seg å vera ei oppskrift på misbruk av Gud til å maskera ein krig. Den «tusenårige historia» handlar om Rus-riket i Kyiv, som Putin vil byggja opp att med bomber og rakettar – og med patriarkens velsigning. Dei vil utsletta Ukraina som sjølvstendig land.

Endringa av grunnlova var eitt av fleire varsel om ein komande tragedie. Like etter grunnlovsendringa, i juni 2020, opna patriark Kirill den grøne Militærkatedralen i Moskva. Kirill fastslo der at verdiane til kyrkja og verdiane til hæren er dei same. Så trygt var det å få Gud inn i grunnlova.

Endringa av grunnlova var eitt av fleire varsel om ein komande tragedie

—  Johannes Morken

I eit bomberom

Det globale fellesskapet av kyrkjer har ein tragedie å ta tak i. Ein mektig kyrkjeleiar har grunngjeve krig med vern av si eiga kyrkje i Ukraina. I den bomba byen Kharkiv sit eit medlem av kyrkja, Ivan, og ber til Gud om at krigen må slutta.

«Eg er sint», skreiv eg ein kveld. Ivan hadde sendt bilete frå Mariupol.

«Ver så snill å be», gjentok han.

For Ivan er Gud ein som reid inn i Jerusalem på eit esel, ikkje ein som tek seg inn i Kharkiv og Kyiv på eit militært drapsvåpen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar