Kommentar

Det handlar ikkje om religion

Opptøyane i Sverige handlar ikkje om den heilage boka for muslimane og ikkje så mykje innvandring heller, men om ein fullstendig mislukka bustadpolitikk.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Igjen har omgrepet svenske tilstandar fått ein ny runde i debattstudioet.

Mange forstår det som ein debatt om ytringsfridom, etter at den danske provokatøren og høgreekstremisten Rasmus Paludan brende Koranen. Andre meiner det handlar om Sveriges mislukka innvandringspolitikk, sidan mange av dei som deltok i opptøyane har minoritetsbakgrunn.

Kanskje er svaret så enkelt at det handlar om ein svensk bustadpolitikk som har skapt to forskjellige univers parallellt i det svenske samfunnet.

Paludan er ingen stor politisk intellektuell, men han er ein kynisk strateg. Han visste kvar gnisten hans ville tenne mest brann. Ved å brenne Koranen i svenske forstadsområde under Ramadan, ville det ta fyr.

Perfekt fiendebilete

Og det gjorde det. Politifolk og redningsmannskap vart utsett for grove angrep frå dei som deltok i demonstrasjonane mot koranbrenninga. 26 politimenn og 14 brannfolk vart skadde. 20 politikøyretøy vart vandalisert.

Sidan fleire av ungdommane hadde både hudfarge og bakgrunn som passa inn i Paludans fiendebilete, kunne debatten hamne akkurat der han ønska å bringe den: Ein debatt om islams underutvikla syn på ytringsfridomen og kritikk av svensk innvandringspolitikk.

Dermed vert opptøyane ei perfekt opplading for høgreekstreme og høgrepopulistar framfor det svenske riksdagsvalet 11. september i haust.

To ulike univers

Fakta er at mange av dei som kasta stein på politiet i dei svenske byane i påskehelga, ikkje er religiøse på noko vis. Fleire truande muslimar stod derimot på sida og ropte til dei valdelege bråkmakarane at dei skulle slutte.

Den svenske forfattaren og SVT-journalisten Diamant Salihu meiner det derimot handlar om utanforskap. I eit intervju med Morgenbladet før helga fortel han korleis majoritetssvenskar ikkje forstår det som skjer, fordi det er del av ei verd dei ikkje lever i.

Den enorme gjengkriminaliteten og dei hyppige skyteepisodane i desse områda, har lite eller ingenting med islam å gjere.

—  Emil André Erstad, kommentator

I 2021 gav han ut boka Tills alla dör, der han skildra gjengkriminaliteten i Järvafeltet utanfor Stockholm. Der skildra han ein ekstrem situasjon som pregar fleire svenske forstadar, der det mellom anna føregår rekordmange skyteepisodar med dødeleg utfall.

Han teiknar linjer 50 år tilbake i tid. I Sverige starta det på 1960- og 70-talet eit enormt bustadbyggingsprosjekt som skulle gje bustader til alle som trong. I dei nye byområda som spratt opp, var det store bustadblokker med leiligheiter. Målet var å skaffe ein million leiligheiter på mindre enn ti år. Prosjektet, som vart kalla Millionprogrammet, fekk landet ut av ei djup bustadkrise og nådde det kortsiktige målet i 1974.

Millionprogrammet

I svenske forstadar som Rinkeby i Stockholm, Angered i Gøteborg og Rosengård i Malmø, kan ein likevel sjå at konsekvensane av politikken vart fatale. Millionprogrammet er blant dei mest effektive oppskriftene på segregering og utanforskap, som fins.

I områda som var del av programmet bur det i dag mange menneske med minoritetsbakgrunn, fordi det var her det var bustadar tilgjengeleg for dei. «Folk kan ha bodd flere tiår i Sverige og knapt ha hatt noe å gjøre med noen med etnisk svensk bakgrunn, fordi de ikke treffer dem», seier Salihu i Morgenbladet-intervjuet.

Det kjem av at etniske svenskar ofte bur i eigne område langt unna dei områda som var del av Millionprogrammet. I dei segregerte bydelane er det høg arbeidsløyse, låge språkkunnskapar og segregerte skular. Å tru at det ikkje skapar problem, er som å tru på Jultomten.

Dermed er det ikkje den svenske innvandringspolitikken i seg sjølv som er problemet, eller muslimar sitt syn på Koranen, for den del.

Utanforskap, ikkje islam

Den enorme gjengkriminaliteten og dei hyppige skyteepisodane i desse områda, har lite eller ingenting med islam å gjere.

Problemet er utanforskap. Det betyr ikkje at dei valdelege bråkmakarane i Sverige ikkje skal bli stilt til ansvar for dei kriminelle handlingane dei stod for. Utan å ta tak i det hemmande utanforskapet som fins i Sverige, vil ikkje svenske politikarar få bukt med problema.

Kanskje er det ikkje i politietaten, men i yrket til lærarar, sosialarbeidarar og andre grupper som jobbar med ungdommar at løysinga ligg.

—  Emil André Erstad, kommentator

Viss ein heller vel å rette fokuset mot muslimar sitt syn på Koranen eller ein akademisk debatt om ytringsfridomen, risikerer ein å gå glipp av det som er kjerna i problemet.

Dei lettvinte svara er å peike på behovet for meir politi, strengare straffar og tøffare krav til integrering. Det kan hende fleire av desse tiltaka bør vere del av løysinga, men på systemnivå vert ikkje problemet løyst av desse åleine.

Sosiale løysingar

Kanskje er det ikkje i politietaten, men i yrket til lærarar, sosialarbeidarar og andre grupper som jobbar med ungdommar at løysinga ligg.

Sverige har no fått eit glitrande høve til å rette søkelyset på den segregerte bustadpolitikken, og finne løysingar på den. Fram mot haustens riksdagsval bør det derfor kome mange forslag til løysingar. Til dømes bør svenske i større grad diskutere kor ein busett flyktningar, korleis ein kan få skular der elevane har meir blanda bakgrunn, korleis ein kan auke svenskkunnskapane i forstadane og skape fleire jobbar for dei som bur der.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar