Kommentar

Ei dommarkone til besvær

Berre éin høgsterettsdommar i amerikansk historie har blitt stilt for riksrett. Opptøyene 6. januar har sett Clarence Thomas i fare for å bli den andre.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I 1805 vart dommaren Samuel Chase stilt for riksrett, klaga for å ha late sine partipolitiske interesser påverke domsseiingane sine. Eit fleirtal i Senatet røysta for å dømme han, men ikkje dei naudsynte to tredelane, og Chase vart sitjande. To hundre år seinare er det ikkje den aktuelle dommaren sine partipolitiske interesser som er i søkelyset, men ektefellen sin.

Konservativ dommar

Clarence Thomas er med god margin den mest konservative sitjande dommaren i Høgsterett. Då han vart nominert til setet av president George H.W. Bush i 1991, var særleg synet hans på abortrettar og kvotering i utdanning og arbeidsliv omstridde tema.

Sidan han tok til som høgsterettsdommar er det derimot kona hans som har utmerka seg som mest kontroversiell. Virginia, eller Ginni, Thomas har gjennom dei siste 30 åra jobba som lobbyist, både med sitt eige firma og via etablerte konservative organisasjonar, som den særs konservative tankesmia Heritage Foundation. I tillegg har ho styreverv og tek på seg konsulentoppdrag for så mange konservative pressgrupper at journalistar som har søkt å kartlegge nettverket hennar seier det er umogleg å halde styr på.

For ein dommar er det likevel ikkje berre bokstaven i lova som avgjer kva som går an og ikkje

—  Sigrid Rege Gårdsvoll, gjestekommentator

Mange av gruppene Ginni Thomas er knytt til, har vore involverte i saker som har vore førte for Høgsterett. Det er vanleg i USA at organisasjonar og pressgrupper leverer såkalla «amicus briefs» - skriftlege innlegg som skal klargjere og understøtte saka til ei av partane i ei rettskonflikt. Det har ikkje alltid vore like klart kva bindingar Ginni Thomas har til organisasjonane, og Clarence Thomas har ikkje alltid oppført fullstendige opplysningar om kona sine inntektskjelder i dei årlege «sjølvmeldingane» som dommarane leverer til retten.

Aktivist og kone

Clarence Thomas har aldri meldt seg inhabil til handsaminga av ein sak i Høgsterett med bakgrunn i kona sin aktivisme, sjølv om det frå tid til annan har vore tema. Det er han i sin fulle rett til – Høgsterett er ikkje underlagt det same etiske regelverket som resten av det føderale rettsvesenet og ingen kan seie at ein dommar er inhabil utanom vedkommande sjølv.

Ho er ein svært innflytelsesrik aktivist med tilgang til viktige personar i Washington som kan vere vanskeleg tilgjengelege for mange andre. I mange tilfelle har ho denne tilgangen nettopp fordi ho er gift med Clarence Thomas, og ho nyttar den til å fremje svært konservative politiske standpunkt. På kva tidspunkt vert denne aktiviteten eit problem for ektefellen?

Knekkpunktet

Tidspunktet kan ha vore 6. januar 2021. Ginni Thomas er ein svært lidenskapleg støttespelar av Donald Trump. Gjennom presidentperioden var ho fleire gonger å sjå i Det kvite huset, både for å fremje politikk og for å overtyde Trump om å tilsetje hennar politiske allierte.

I desember var Ginni Thomas ein av mange konservative aktivistar som sto bak ein kronikk som skarpt kritiserte komiteen i Kongressen som granskar hendingane 6. januar og kalla komiteens arbeid «openbert partisk politisk forfølging». Ein månad seinare avviste Høgsterett ein førespurnad frå Donald Trump om å stanse utleveringa av hans presidentarkiv til 6. januar-komiteen. Berre Clarence Thomas stemte for å etterkomme Trumps ønske.

Det er framleis langt fram til eit fleirtal for den andre riksrettssaka i historia mot ein høgsterettsdommar, og mykje lenger fram til ein fellande dom, men Clarence Thomas bør ikkje kjenne seg for trygg

—  Sigrid Rege Gårdsvoll, gjestekommentator

Nyleg lekka tekstmeldingar mellom Ginni Thomas og Trump sin stabssjef Mark Meadows frå materialet til 6. januar-komiteen viser at ho i perioden frå valdagen i november 2020 og fram mot opptøyane 6. januar var i jamn kontakt med Det kvite huset, og oppfordra Meadows og andre til å kjempe mot valresultatet.

Thomas skal også ha vore til stades på eitt av folkemøta i Washington D.C. 6. januar 2021, og sit i styret for ein organisasjon som hevdar å ha bussa inn ein mengde menneske som var del av opptøyane rundt Capitol-bygningen. På Facebook skreiv ho til støtte for opprørarane.

Kan det bli riksrett?

Etter alle solemerke har Ginni Thomas sin politiske aktivitet ikkje vore av ein slik karakter at Clarence Thomas formelt sett ikkje kan fortsetje i Høgsterett, i alle fall ikkje før det siste året. For ein dommar er det likevel ikkje berre bokstaven i lova som avgjer kva som går an og ikkje. For Clarence Thomas sitt omdømme er eit etterlate inntrykk av at han er politisk og at hans domsseiingar er påverka av kona sine standpunkt og økonomiske interesser øydeleggjande. Utfordringa er at han ikkje ser ut til å la seg affisere av dette sjølv.

Nokre få demokratar, mellom dei kongressmedlemmen Alexandria Ocasio-Cortez, har sagt at det kan vere aktuelt å stille Clarence Thomas for riksrett dersom han ikkje sjølv vil trekke seg. Det er fleire grunnar til at det er ein god idé for demokratar å presse på for dette.

Upassande bindingar

Det er konservativt fleirtal i Høgsterett, seks mot tre. Dersom Thomas skulle gå av for å unngå ein riksrettsprosess, og gjer det medan demokratane har fleirtal i Senatet til å erstatte han, kan ein redusere den konservative fordelen til fem-fire, og vere eit skritt nærmare å sikre viktige liberale prioriteringar i lovverket.

Ved å halde temaet varmt, og ved kvart høve minne om dei upassande bindingane Thomas-paret har, kan også demokratane piske opp interessa for mellomvalet i haust for sine eigne veljarar, eit val dei per no ser ut til å komme svært dårleg ut av. Dersom dei held på og utvidar fleirtalet i Senatet kan det gje høve til å gjere meir med samansetninga i Høgsterett.

Det er framleis langt fram til eit fleirtal for den andre riksrettssaka i historia mot ein høgsterettsdommar, og mykje lenger fram til ein fellande dom, men Clarence Thomas bør ikkje kjenne seg for trygg.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar