Kommentar

Ukrainarane blør – medan verda ser på

Kor lenge skal vi la ukrainarane blø åleine i kampen mot det russiske diktaturet, før det blir utoleleg? Sanksjonar er ikkje sterk nok lut mot løgnaren og manipulatoren i Kreml.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er mykje som tyder på at amerikansk og vestleg etterretning har gode kjelder på innsida i Moskva. Hittil har amerikansk etterretning hatt rett i nesten alt dei har fortalt oss om Ukraina-krisa.

At russarane natt til torsdag gjekk til fullskala invasjon av Ukraina, har vore varsla i vekevis. Seinast for eit par dagar sidan visste amerikanarane at det russiske forsvaret hadde gitt ordre om å invadere Ukraina.

Russarane har konsekvent feia vekk informasjonen som usann. Dei har ikkje hatt planar om å angripe, ikkje eingong hatt soldatar oppmarsjerte langs grensa og fleire gonger gitt inntrykk av å trekke seg tilbake. Dei har tatt i bruk Putin-regimets fremste verktøy: Løgn og forvirring.

Krig mellom demokrati og diktatur

Dei siste vekene har Vladimir Putins løgnmaskineri jobba hardt for å skaffe seg eit grunnlag for å gå inn i Ukraina. Dei har mellom anna publisert falske nyheiter om ukrainske angrep på Russland.

No som russiske fly bombar ukrainske byar – ikkje berre i Aust-Ukraina, men i heile landet – er Putins strategi avslørt som løgn og manipulasjon. Han ville ta Ukraina heile tida. Vestlege sanksjonar og diplomati kunne ikkje stoppe han. Dei som har ropa om at begge sider hadde eit ansvar, har fått eit stort og komplisert forklaringsproblem.

Men kor lenge skal vi sjå på at det ukrainske demokratiet – eit av dei geografisk største og mest folkerike i Europa – blir knust? Kor lenge skal vi la ukrainarane kjempe åleine, medan politikarane våre trugar russarane med nye, håplaust ineffektive sanksjonar?

—  Emil André Erstad, kommentator

Krigen i Ukraina er ikkje full av gråsoner. Det er ikkje ein krig mellom likeverdige syn. Det er ikkje ein krig der vi skal sette oss ned og forstå begge partar.

Det er ein krig mellom eit aggressivt diktatur mot eit forsvarslaust demokrati. Det er ein krig mellom russisk imperialisme mot folkerettens suverenitetstanke. Det er ein krig mellom løgnfabrikken i Kreml mot folkestyret i Kyiv. Det er ein krig mellom framtid og fortid.

Dødslister og torturgrep

No seier amerikansk etterretning at dei har informasjon om at russiske styrkar i Ukraina trulegvis vil bruke dødelege tiltak for å hindre fredelege protestar i Ukraina. USA har etterretningsinformasjon – som hittil har vist seg å vere særs truverdig – om at Russland har laga ei dødsliste over ukrainske borgarar som skal bli drepne eller sendt til fangeleirar.

Ifølge etterretninga som amerikanarane har henta inn, vil Russland i tida etter ein okkupasjon av Ukraina gjere alt for å knuse motstanden i det ukrainske folket. Dei vil bruke forsvinningar, tortur og grove menneskerettsbrot for å knuse motstandskrafta.

Dette stemmer godt overeins med det den russiske FN-ambassadøren Vasily Nebenzya sa då han stadfesta militæroperasjonen: At Russland er ute etter «juntaen» som styrer i Kyiv. Presidenten i Ukraina, Volodymyr Zelenskyj seier at russarane angrip den militære infrastrukturen og grensevaktene, fordi «Putin ønsker å øydelegge staten vår».

Dersom det er det som skjer no, at Putin prøver å knuse det ukrainske demokratiet, er det meir enn alvorleg. Fram til no har dei fleste vestlege leiarane snakka om noko som kanskje kan skje. No skjer det, rett framom augo våre: Ein bakkeinvasjon støtta av luftangrep. Mantraet har vore at ingen land invaderer eit anna land på den måten.

Ineffektive sanksjonar

Men kor lenge skal vi sjå på at det ukrainske demokratiet – eit av dei geografisk største og mest folkerike i Europa – blir knust? Kor lenge skal vi la ukrainarane kjempe åleine, medan politikarane våre trugar russarane med nye, håplaust ineffektive sanksjonar?

No ber ukrainarane oss om hjelp. Ukrainas ambassadør til Norge hevdar at Russlands aggresjon går utover også Norge og Europa.

Dei bør få hjelp.

På eit eller anna tidspunkt i løpet av dei kommande dagane og vekene, når vi forstår omfanget av krigen i Ukraina, vil det komme ein diskusjon om korleis Norge, USA, vestlege land og militæralliansen Nato kan bidra til å beskytte ukrainarane mot den russiske aggresjonen. Kanskje er det for seint. Kanskje kan ikkje Nato bidra med noko som helst. Kanskje må det ukrainske folket tole at dei nok ein gong vert eit lydrike under Moskva, slik Kviterussland er.

Kor mange drepne ukrainske politikarar, demokrati- og menneskerettsforkjemparar klarar vi å sjå, og samstundes tenke at vi har gjort nok for å stoppe krigen?

—  Emil André Erstad, kommentator

Likevel er elefanten i rommet akkurat no, kva vi skal gjere for ukrainarane. Kva blir responsen frå USA, Nato og vestlege land? Den ukrainske presidenten seier til folket i fleire taler at hjelpa frå USA «er på veg». Kva som ligg i dette, er framleis i det blå.

Må tenke tanken

Sanksjonane har ikkje vore i nærleiken av å verke. Er det mogleg å sjå for seg at norske soldatar skal kjempe side om side med Nato-styrkar, i strid mot russiske soldatar på ukrainsk jord – for demokrati, rettsstat og menneskerettar? Tanken har fram til no vore utenkeleg, fordi den russiske invasjonen har vore det.

Dei som argumenterer mot vestleg intervensjon i Ukraina, seier at det handlar om å unngå ei konflikt mellom atommaktene USA og Russland. At risikoen for tredje verdskrig stig. At det vil bety større lidingar for det ukrainske folket, men òg for Europa. Kanskje har dei rett. Kanskje er det inga god idé å sende vestlege soldatar inn i Ukraina.

Men tanken må ikkje bli utenkt. Bileta vi får sjå frå Ukraina dei neste dagane vil påverke vår respons. Dersom informasjonen frå amerikansk etterretning stemmer, om dødslister og knusing av Ukrainas demokrati, så vil vestleg opinion presse på for sterkare lut mot russarane.

Kor mange drepne ukrainske politikarar, demokrati- og menneskerettsforkjemparar klarar vi å sjå, og samstundes tenke at vi har gjort nok for å stoppe krigen?

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar