Kommentar

Ikkje sjå ned på dei som blir

Venene mine som aldri reiste frå Radøy for å studere eller oppleve verda, er ikkje dummingar. Dei tok eit verdival, slik TV-serien «Rådebank» viser oss.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

– Du skal til USA, på turné. Du har 200.000 følgarar på Instagram. Skal du berre slutte og kaste bort talentet ditt?

Det er den stillfarne, usikre og beskjedne rollefiguren Hege som får spørsmålet frå den nye sjefen sin, i tredje sesong av NRK-serien «Rådebank». Ho er billakkerar frå Bø, som nyleg har fått jobb i Skien og braksuksess. No burde vel Hege aldri sjå seg tilbake, komme seg ut i verda og realisere seg sjølv?

Premissen mange av oss legg til grunn, er liksom at Hege bør gripe moglegheitene og komme seg ut av det trauste bygdelivet som held henne tilbake.

Nevenyttige og skriveglade

Enten har du det i hovudet, eller så har du det i hendene. Enten rømmer du til byen så fort du får sjansen, eller så blir du verande i bygda fordi du ikkje har ambisjonar eller evner. Bur du på bygda, er du av natur skeptisk til byens jåleri, og har du rømt frå bygda er du programforplikta til å sjå ned på bondetampane som aldri kom seg vekk.

Dei bøkene eg les, opnar dei aldri. Orda eg brukar, er framandord i deira kvardagsliv.

—  Emil André Erstad, kommentator

Altfor ofte er det slik vi får det presentert, og kanskje er det mange av oss som trur på desse mytane om by mot land. Det er berre å skru på Aftenpodden i ein nesten kva som helst episode, eller bli med Trygve Slagsvold Vedum på eit veljarmøte i distriktet. Mytene polariserer, skapar splid og motsetnad. Mange tener på denne konflikten, men gjer det at den er meir sann?

Det nedlatande blikket

Då eg las Morgenbladet si melding av «Rådebank», under tittelen «Billakkerer, bli i din bygd!», kjendest eit ubehag. Slik som forfattar Håvard Syvertsen skreiv i ein post om Morgenbladet-meldinga på Facebook, var det noko som skurra. Syvertsen kalla det «Andedammen i Morgenbladet». Eg las meldinga om att og om att, men fann ikkje ei konkret setning å sette fingeren på. Så gjekk det opp for meg, at det var sjølve blikket, perspektivet, som var så ovanfrå og ned. Så veldig by mot bygd. Kritikaren såg serien med blikket frå redaksjonslokala til dei hippe, kule folka som slukte byen, og som aldri kunne tenke seg å vende tilbake til bygda.

Det blikket bør vi utfordre.

Kløfta mellom by og bygd

Sjølv har eg kjend det på kroppen i det siste: Dei ikkje-uttalte spenningane mellom dei som blir og dei som reiste. I den næraste venegjengen frå oppveksten på Radøy har vi heldt kontakten, sånn tålig greitt, sidan barne- og ungdomsskulen. Vi har feira nyttår og reist på guteturar, spelt paintball i skogen og arrangert bursdagar saman.

Ein haustkveld for to år sidan sat eg i pappa sin traktor, medan mørket fall over bøane og gardane rundt på Radøy. Det var så få lys att i husa og løene rundt. Då eg vaks opp var alle i drift, bøndene fans framleis, gardane var limet i det vesle bygdesamfunnet. No var det så få att, som om heile det vesle bygdesamfunnet var i ferd med å sløkke lysa. Kvifor blir nokon verande att her, tenkte eg.

Bruer som trengs

Eg var den som reiste lengst, heilt til Oslo, medan nokon reiste fram og tilbake. Nokon reiste aldri. Under overflata har forskjellane i livet vi lever, blitt som små kløfter. Dei bøkene eg les, opnar dei aldri. Dei hardhuda arbeidsnevane deira, er så ulike dei glatte, reine kontorhendene mine. Orda eg brukar, er framandord i deira kvardagsliv. Maten eg et, reknar dei som fancy storbymat. Eg drikk faktisk kaffi latte – og likar det. Bruene vi lagar over dei små kløftene, er dei felles referansane frå dei to første tiåra av livet.

Dei bruene trengs.

Dei første åra etter at eg hadde flytta til byen, sakna eg livet i bygda på øya intenst. Kjende meg framand blant alle folka, dei tette husa, alle byfolka som hasta frå det eine til det andre, sakna dei grøne bøane, sauane som breka, lukta av løer og kuskit. Folk i byen var så kule, blaserte og verdsvande, at eg ikkje kjende meg tilpass. Lenge trudde eg det einaste eg ville, var å vende tilbake til det livet som hadde vore.

Konstruert konflikt

No har eg blitt ein sånn som ikkje klarar meg utan byen.

Trass i dei ikkje uttalte spenningane, mellom venene mine som vart verande heime og meg, er det framleis meir som knyt oss saman enn som skil. Og det kjem så nydeleg fram i NRK-serien «Rådebank». Altfor ofte får vi presentert konflikten mellom byen og bygda frå byens perspektiv. Gjerne i ein film eller TV-serie, i ei scene på ein kaffibar på Grünerløkka eller ei kollokviegruppe frå Blindern.

Dei er bilmekanikarar, tømrarar, lagerarbeidarar, sjukepleiarar og det som populært vert kalla heilt vanlege folk. Det fins flust av vanlege folk i byen, òg. Vi treng ikkje late som noko anna.

—  Emil André Erstad, kommentator

I serien får vi møte folk som bokstaveleg talt er jordnære, som finn glede i dei tusen ting livet kan by deg akkurat der du er. Ein pakke krokanrull oppå krokanisen ein fredagskveld. Eit kveldsbad i vatnet rett attmed huset i ein mørk sommarkveld. Ein ven som klatrar inn vindauget ditt midt på natta, for å dele to pakkar hockeypulver. Litt burning på parkeringsplassen, for å svi av både gummi og frustrasjon.

Vi treng «Rådebank»

I serien vert menneska som aldri forlot bygda tekne på alvor, utan dei føreseielege fordommane. Dei er bilmekanikarar, tømrarar, lagerarbeidarar, sjukepleiarar og det som populært vert kalla heilt vanlege folk. Det fins flust av vanlege folk i byen, òg. Vi treng ikkje late som noko anna.

Vi treng rollefigurar som Hege i «Rådebank», som seier nei til storbyens sjølvrealiseringsideal, dyrking av ein opphøgd form for suksess og ambisjon. Dei som blir der dei er, er ikkje dumme eller lite ambisiøse. Dei tar eit verdival. Venene mine som aldri flytta frå Radøy, aldri opplevde verda, ville berre ha eit anna liv enn meg. Vi kan fint respektere kvarandre på likefot likevel.

Kanskje treng vi seriar som «Rådebank» til å forstå det.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar