Kommentar

Bidens største suksess

Det demokratiske partiet har mista fleirtalet i Høgsterett for ein generasjon framover. Like heilsvart er det ikkje på lågare nivå i rettssystemet. Faktisk er det her Joe Biden har vunne sine viktigaste sigrar det siste året.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det ville ikkje falle nokon inn å seie at «alt lykkes for denne regjering». Inflasjonen stig. Fleire av Joe Biden sine viktigaste politiske prioriteringar er grunnstøtte eller på vent i Kongressen. Han må handtere krangel i eigne rekker. Stadig nye bølgjer av Covid feiar over landet og det er kritisk mangel på hurtigtestar. Men noko går rett veg.

Biden har oppnemnt fleire føderale dommarar i sitt første år på Det ovale kontor enn nokon president sidan Ronald Reagan. Sidan han vart innsett for like under eit år sidan har han nominert, og Senatet godkjent, 40 dommarar til på dei to domstolsnivåa under Høgsterett.

Sett ikkje ned farta

Det demokratiske leiarskapet i Senatet gjev tydelege signal om at ein ikkje kjem til sette ned farta. Av dei kring 880 føderale dommarsetene i USA står i skrivande stund 70 ledige, og ein akter å fylle alle det kommande året, før mellomvalet i november. Heile det elles så splitta demokratiske partiet kan stille seg bak dommaroppnemningar.

Dette er Joe Biden sin største suksess, kanskje det som vil stå att lengst etter hans presidentskap. Men det vert nesten ikkje snakka om.

Det er, dessverre for det demokratiske partiet, eit mønster dei ikkje ser ut til å kunne bryte ut av: Fokus ligg stadig på tinga som ein ikkje får til, og ein makter ikkje å markere sigrane ein faktisk får. Dei er nemleg store.

På ei rekke felt er nasjonal lovgjeving i USA styrt av rettspraksis og kan gjerast om ved nye dommar som omstøyter desse. Høgsterett tek berre opp eit lite fåtal saker, og i mange tilfelle blir derfor dommar frå lågare føderal rett ståande som gjeldande lov.

—  Sigrid Rege Gårdsvoll

Viktige dommarar

Rettspraksis er sentralt i sjølve utforminga av amerikansk lov, som på si side har fått ei stadig større rolle i amerikansk politikk og samfunnsliv. Difor er det særs viktig kven som sit på dommarbenken i føderal rett, som mellom anna handsamar saker som gjeld føderale lover og forskrifter, fremst blant dei grunnlova.

På ei rekke felt er nasjonal lovgjeving i USA styrt av rettspraksis og kan gjerast om ved nye dommar som omstøyter desse. Høgsterett tek berre opp eit lite fåtal saker, og i mange tilfelle blir derfor dommar frå lågare føderal rett ståande som gjeldande lov. I 2011 slo ein ankedomstol til dømes fast at det første grunnlovstillegget gjer private borgarar rett til å filme politibetjentar i teneste på offentleg stad, og at politiet hadde krenkja rettigheitene til mannen som vart arrestert for å gjere dette.

Politisk kamp

Føderale dommarar er formelt partilause og skal vere politisk nøytrale, men oppnemninga av dei er særs politisk. Dette gjeld spesielt for Høgsterett, men også oppnemningar til lågare rettsnivå har blitt gjenstand for den same polariseringa som ein ser elles i amerikansk politikk.

Senatet er delt 50—50 mellom dei to partia, og visepresident Kamala Harris er tunga på vektskåla som tippar det heile i demokratane sin favør. Senatet sine reglar er slik at i dei fleste saker krevst eit fleirtal på 60 røyster. Dette gjeld ikkje oppnemningar, som til dommarsete. Dermed har det vore mogleg for Biden og leiarane i Senatet å nytte det skjøre fleirtalet sitt til dette.

Går vi 25 eller 30 år tilbake var det langt meir vanleg at dommarar på lågare nivå vart godkjente samrøystes. Av dei 40 dommarane president Biden har fått gjennom Senatet er langt dei fleste godkjente ved hjelp av demokratiske senatorar, og berre to eller tre stemmer frå den republikanske sida.

Fleirtal i fare

Demokratane vil truleg misse fleirtalet i Senatet ved mellomvalet i november. Mitch McConnell, som då tek tilbake leiarskapet i Senatet, vil fortsette strategien frå Barack Obama sine siste år i presidentstolen: Berre ein handfull av Obama sine nominasjonar til føderale dommarsete vart tekne opp til handsaming i Senatet etter at republikanarane tok over styringa etter mellomvalet i 2014.

I løpet av sine fire år i presidentstolen fekk Donald Trump oppnemnt 234 dommarar, mellom dei tre til Høgsterett. Seks av dei ni dommarane i Høgsterett er no politisk konservative. Dommarane sit på livstid, og det er vanskeleg å sjå føre seg at Joe Biden skal få høve til å utnemne nokon denne perioden, om ikkje den liberale Stephen Breyer (83) vil gå av med pensjon før mellomvalet.

Fleire i det demokratiske partiet har teke til orde for å reformere Høgsterett. Nominelt for å avpolitisere institusjonen, men det store fleirtalet republikansk side har i retten er sjølvsagt hovudårsaka til at forslaga kjem no. Joe Biden har ikkje stått i spissen for desse tankane, men oppnemnde i 2020 ein kommisjon som skulle sjå på moglegheiter for reform.

I rapporten som kommisjonen leverte i desember er det få dristige forslag eller klåre løysingar. Senatet har høve til å auke talet på medlemmar av Høgsterett, men det er ikkje fleirtal for det, og det er usikkert kva det eventuelt ville løyse. Andre tiltak, som å innføre åremål for høgsterettsdommarar, vil truleg krevje grunnlovsendring og er urealistisk.

Fleirtalet i Høgsterett er tapt for det demokratiske partiet for ein generasjon, kanskje lengre. Fleirtal i dei lågare rettsinstansane er likevel særdeles mykje betre enn ingenting. Det må Joe Biden prøve å snakke høgare om.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Kommentar