Kommentar

Pengar kan kjøpa deg livsglede

FRÅ TOPP TIL BOTN: Er lommeboka di slunken, er det mindre sjans for at du har det godt i livet. Skal me akseptera at det er slik?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Som barn skråla eg med til alt av The Beatles på radioen. Som når dei proklamerte at ein ikkje kan kjøpa seg kjærleik.

I don‘t care too much for money

Money can‘t buy me love

Også i bøkenes bok finn me denne radikale avvisinga av rikdom. Jesus hylla dei fattige, dei på botnen, dei som har lite.

Hierarkiet vart snudd på hovudet. Jesus gav oss ei forståing av verda der rikfolk skulle koma sist i rekka. Dei skulle ha større vanskar å koma inn i Guds rike enn ein kamel som prøver å gå gjennom eit nålauge.

Både popsongar og bibelord røskar tak i oss. For kva skal ein eigentleg med alle desse pengane? Ein diamantring kan ikkje gjera deg lukkeleg. Ekte venskap kan ikkje kjøpast.

Det er freistande å lulla seg inn i ei forståing av at pengar ikkje betyr noko. Det viktigaste er vel å tenka positivt og ha gode folk rundt seg.

Eller?

Ein klassedelt lykkepyramide

Lat himmelriket venta, og lat oss heller sjå på livet her på jorda akkurat no. For her blandar stødige Statistisk sentralbyrå litt malurt i begeret.

Denne veka kom etaten med ein statusoppdatering for korleis me har det her i landet. Rapporten «Livskvalitet i Norge 2021» baserer seg på intervju med rundt 17.500 menneske. Dei spør kor tilfreds folk er med ulike sider ved livet.

Konklusjonen er klar: Me har eit klart klasseskilje i lykke. Folk som har lite pengar, er mindre fornøgd med livet enn folk som har mykje.

På toppen av lykkepyramiden er dei 25 prosentane som tener best.

Fattige er mindre tilfreds med eiga fysisk og psykisk helse, fritida og staden dei bur. Dei er mindre optimistiske når dei tenker på framtida. Dei opplever mindre meining, meistring og engasjement enn folk øvst i inntektsfordelinga.

På toppen av lykkepyramiden er dei 25 prosentane som tener best. Dei scorar høgt på alle indikatorane for subjektiv livskvalitet.

Gapet blir enormt når du ser på dei som manglar ein økonomisk buffer. Blant folk som har vanskar med å få pengane til å strekka til, er heile 62 prosent lite tilfreds med livet. Det er meir enn tre gongar så mange som blant dei som opplever det lett å få pengane til å strekka til.

Når framtida blir skummel

Størrelsen på lommeboka påverkar altså korleis du har det i livet. Det er det gode grunnar til.

Det lærte eg då eg jobba med boka «Vi, dei fattige». I boka intervjuar eg familiar som lever under fattigdomsgrensa i Noreg.

Folka eg møtte, snakka mykje om den uroa som oppstår, når kontoen er tom. Dei fortalde om eit tap av kontroll, av kjensla av å stå framfor eit stup. Framtida blir uklar.

For kva gjer du, om du ikkje veit om du har pengar til husleige neste månad? Tankane hadde kanskje begynt å surra – må me flytta? Kor skal me flytta? Vil barna trivast på ein ny skule?

Ei av dei eg intervjua, åleinemora Robin, fortel korleis ho kjende stress og avmakt då Nav surra med utbetalingar. Nokre gonger fekk ho for mykje pengar, som ho seinare måtte betala tilbake. Andre gongar var det motsett, ho fekk pengar etterbetalt.

Når kunne ho eigentleg bruka pengane som var på kontoen? Når var pengane faktisk hennar?

Robin knytte den uroa som oppstod, opp til dei psykiske helsevanskane ho alt hadde:

Eg føler at eg ikkje har kontroll. Om ein alt har litt paranoide førestillingar – slik eg har– så gjer det alt mykje større. No er eg betre, men det er framleis vanskeleg å ikkje tenka at heile systemet er ute etter å ta meg.

Strukturar skapar psykiske plager

For ein knapp månad sidan markerte me Verdsdagen for psykisk helse. Me er komne langt i kampen for meir openheit om psykisk helse.

Barn blir lært opp i livsmeistring på skulen og på bussen overhøyrer eg stadig ungdom som snakkar om angsten sin med kompisen.

Bør fattige barn læra seg å meditera for å handtera at foreldra kranglar om pengar?

Denne openheita er viktig, og den kan redda liv.

Men er den nok, i møte med det klassedelte skiljet me har i lykke? Eg trur ikkje det. Tvert om, fryktar eg at dagens sjølvhjelpsideologi også kan gjera skade.

Me har lett for å sjå på psykisk sjukdom som individuelle plagar som skal handterast av kvar enkelt. Då går me glipp av viktig innsikt i strukturane som skaper desse plagene.

For er det nok å avskriva uroa til Robin som «tankevirus»? Bør fattige barn læra seg å meditera for å handtera at foreldra kranglar om pengar?

I mi verd gjev det meir meining å sjå på desse plagene som naturlege reaksjonar. Å ha dårleg råd betyr ofte å leva under konstant press. Eg trur det ofte er reelle problem som ligg til grunn når folk med dårleg råd er meir utsett for helseplager. Då hjelper det lite med flosklar om å tenka positivt.

Denne kunnskapen om at folk med dårleg råd opplever mindre meining og optimisme, opnar også for eit ubehageleg spørsmål: Kor mykje fattigdom skal me som samfunn akseptera?

Pengar kan kanskje ikkje kjøpa deg lykke. Men, dei kan gje deg ro.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar