Kommentar

Trygve vann

BROT: Senterpartiet har grunn til å glise. Spørsmålet er om klimaet tapte. No kan Noreg få ei regjering få andre enn Vedum så for seg på førehand.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Audun Lysbakken såg ikkje ut som ein slagen mann der han kom ut døra av forhandlingshotellet på Hurdalssjøen onsdag ettermiddag. Derimot såg han ut som ein kampklar SV-leiar førebudd på å stå på krava som opposisjonsparti i Stortinget.

Det som har skjedd er kanskje ikkje så overraskande viss vi tenker skikkeleg etter: Det raudgrøne samarbeidet i 2021 er heilt annleis enn det var i 2005.

Den gongen var SV over eitt prosentpoeng større enn dei vart ved valet i år. Senterpartiet var godt under halvparten av storleiken dei fekk i år. Og norsk klimapolitikk var på ein heilt annan stad enn den er no.

Ekstra press på SV

Klimafokuset i valkampen, som følge av rapporten til FNs klimapanel, la ekstra press på SV. Problemet til Audun Lysbakken var at dei to mest sannsynlege samarbeidspartnarane hans, Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum, neppe var i stand til å gje SV gjennomslag i klimapolitikken, som kunne leve opp til forventningane som var skapt på førehand.

Både Senterpartiet og Arbeidarpartiet har som parti markert seg som ganske venleg innstilt til den noverande kursen i norsk oljepolitikk. SV har tatt fleire steg i motsett retning. Samstundes som debatten om olje- og klimapolitikken har blitt meir polarisert, har dei tidlegare raudgrøne kameratane bevegd seg i kvar si retning. I 2005 ville både Senterpartiet og Arbeidarpartiet marknadsføre seg som grøne parti. Det behovet har ikkje store delar av Senterpartiet like sterkt lenger, fordi dei går etter veljarar som er skeptiske til for harde klimatiltak.

Vedum forstår no at Senterpartiet er i ferd med å skaffe seg draumeregjeringa si.

—  Emil André Erstad, kommentator

Stor avstand

Eigentleg var det umogleg for SV, Ap og Sp å bli einige om ei heilskapleg politisk plattform som alle kunne stille seg bak. Avstanden på førehand var for stor. Senterpartiet hadde gjort det tydeleg og klart at dei ikkje ønska å ha med SV. Jonas Gahr Støre har sikkert kjempa hardt for å gje SV nok politisk gjennomslag til at dei skulle bli med, utan å ha lukkast. Også han har eit parti i ryggen som ikkje kan gje for mykje i olje- og klimapolitikken. Fagrørsla er langt frå klimaoffensiv.

Draumen til Vedum

I kveld kjem kanskje Trygve Slagsvold Vedum – han som gjennom valkampen vart litt grå og alvorleg – til å legge seg med eit smil om munnen. Han forstår at Senterpartiet er i ferd med å skaffe seg draumeregjeringa si.

Audun Lysbakken veit at livet som opposisjonsparti i Stortinget langt frå kjem til å bli nokon dans på roser. Det blir tøffe tak, harde forhandlingar og ein nådelaus kamp om merksemd og dagsorden.

Jonas Gahr Støre førebur seg nok på ei stri tørn som statsminister.


Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar