Kommentar

Høgres sju plager

Etter åtte år i styringsrus, står problema i kø for Høgre. Her er sju utfordringar Høgre bør gå inn i når partiet evaluerer valresultatet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Regjeringsmakta er tapt. Eit titals stortingsplassar er tapt. Frå stortingsvalet i 2013 til haustens val har Høgre tapt heile 153.443 veljarar.

Kva gjekk gale?

For det første må partiets evaluering svare på spørsmålet om kva som gjekk gale i valkampen i 2021. Sjølv om resultatet på 20,4 prosent er eit godt resultat samanlikna med Høgres historiske oppslutning, er det grunn til å uroe seg for ein nedgang på nesten fem prosentpoeng frå 2017-valet. Frå 2013 er fallet på heile 6,4 prosentpoeng. Partiet står sterkare stilt no enn ved stortingsvalet i 2005, då det tapte regjeringsmakta og enda opp på 14,1 prosent. Likevel vil nedgangen frå 2013 og 2017 føre til at Høgre dei neste åra har færre stortingsrepresentantar, mindre ressursar og eit barbert partiapparat.

Alle dei som ikkje kan gå tilbake til jobbar i partiet, som no har vore del av regjeringsapparatet, vil forsvinne ut til andre jobbar. Det betyr ganske enkelt at færre Høgre-folk vil jobbe fulltid for partiet. Dermed vil partiet ha færre profilar som vil representere partiet ute i det offentlege rommet. Til dømes vil Høgre merke at den utanrikspolitiske talspersonen Michael Tetzschner mista den faste plassen på Stortinget.

Så seint som i februar låg partiet i snitt på 25,6 prosent. Det viser at partiets valkamp ikkje lukkast.

Styringsalternativet

For det andre må partiet finne truverdige svar på korleis det igjen skal gripe makta i Norge. Den borgarlege firepartikoalisjonen med Frp, Venstre og KrF slår sterke sprekker – og har i realiteten vore synleg i fleire år. Partia vil i tida framover vere så opptekne med å slikke eigne sår at dei ikkje vil ha mykje overskot til å kome med felles utspel mot den nye regjeringa. Kor lystne vil Venstre og KrF vere på å markere seg i fellesskap med Frp i tida framover, dersom Sylvi Listhaug slepp partiet fritt? I tillegg kjem det at Raudts representasjon i norsk politikk nok er komen for å bli. Det kan gjere noko med tyngdepunktet mellom høgre- og venstresida på lang sikt.

Det er ingen tvil om at desse sju plagene vil kunne skape hovudbry for mange Høgre-folk. Det overordna spørsmålet er kanskje om Erna Solberg har tolmod nok til å vere den som fører Høgre gjennom ørkenen, til stortingsvalet om fire år. Det er grunn til å tvile på det.

—  Emil André Erstad, kommentator

Det er lite sannsynleg at Senterpartiet i overskodeleg framtid vil sjå på seg sjølv som ein potensiell samarbeidspartnar for Høgre, spesielt ikkje no som partiet er i ferd med å gå inn i ei ny raudgrøn fleirtalsregjering.

Talenta som forsvinn

For det tredje vil Høgre måtte prioritere hardare mellom kven som no får sentrale oppgåver i partiet. Det blir mindre plass i Høgre-apparatet. Både blant talenta som skal stå på talarstolar og dei som er med på bakrommet, må Høgre i tida framover gjere tøffare prioriteringar. Høgre har vore eksepsjonelt gode på talentproduksjon dei åtte åra partiet har styrt Norge, men det blir ikkje lett for partiet å halde det gåande på eit så høgt nivå. At supertalentet og Høgre-profilen Mathilde Tybring Gjedde klarte å bli attvalt frå Oslo, er eit lyspunkt. Høgre har framleis mange talent å ta av.

Leiarspørsmålet

For det fjerde kjem spørsmålet om kva som skjer den dagen Erna Solberg seier at hennar tid er forbi. Det er høgst usikkert om Solberg vil sitte fire år som opposisjonsleiar i Stortinget, fram til valet i 2025 – trass i at ho sjølv seier ho vil halde fram. Jens Stoltenberg sa det same etter valnederlaget i 2013. Det er vel så sannsynleg at Høgre-leiaren vil tre til side for å sleppe andre krefter til. Nestleiar og statsråd Tina Bru kan vere ein leiarkandidat. Akkurat som utgåande utanriksminister Ine Marie Søreide.

I Høgre er det mykje som vil endre seg den dagen Erna Solberg gir seg, og det er grunn til å tru at det skjer i god tid før 2025.

Listhaugs ambisiøse plan

For det femte: Frp-leiar Sylvi Listhaug har ved fleire høve i dagane etter valet sagt at hennar ambisjon er å gjere Frp til det leiande opposisjonspartiet. Det er ikkje tatt ut av lause lufta. Sjølv om Frp har mista heile 117.348 stemmer sidan 2013, har partiet trass alt gjort eit godt val. Frp har ved fleire høve vore større enn Høgre på målingane gjennom historia, til dømes i tida rundt stortingsvalet i 2009. Listhaug er også betydeleg vanskelegare for Høgre å samarbeide med, enn den profilen Siv Jensen hadde. Listhaug har til dømes blitt pressa ut av Solbergs regjering på grunn av ordval.

Det er lite sannsynleg at Senterpartiet i overskueleg framtid vil sjå på seg sjølv som ein potensiell samarbeidspartnar for Høgre, spesielt ikkje no som partiet er i ferd med å gå inn i ei ny raudgrøn fleirtalsregjering.

—  Emil André Erstad, kommentator

Klimafloka

For det sjette: Høgre må løyse ei intern floke knytt til å balansere klimaendringane opp mot viktige næringsomsyn. Debatten om klimaendringane, krava til omstilling og det grøne skiftet, kjem berre til å auke på i intensitet dei neste åra. Her hastar det for Høgre å kome opp med gode svar, samstundes som Høgre vil oppleve sterk konkurranse frå Frp i kampen om veljarar som er skeptiske til for omfattande klimatiltak. Balansegangen kan bli ei hovudpine for Høgre.

Sakseigarskapet kan bli truga

For det sjuande vil tilbakegangen til Høgre og exiten frå regjering føre til at partiet må kjempe hardare om sakseigarskapet framover. I åtte år har partiet hatt klippekort til debattar om dei viktigaste politiske spørsmåla i det norske samfunnet, fordi Høgres statsrådar har styrt så og sei alle relevante departement. Slik blir det ikkje framover. Det kan til dømes bety at sakseigarskapet i skulepolitikken kan bli vanskelegare å halde på, spesielt viss SV får styre utdanningspolitikken og Venstre skal hevde seg som den borgarlege røysta i utdanningspolitiske spørsmål.

Det er ingen tvil om at desse sju plagene vil kunne skape hovudbry i Høgre. Det overordna spørsmålet er kanskje om Erna Solberg har tolmod nok til å vere den som fører Høgre gjennom ørkenen, til stortingsvalet om fire år. Det er grunn til å tvile på det.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar