Heilt frå den første valdagsmålinga kom mandag kveld, var det tydeleg at KrFs kamp mot sperregrensa kom til å handle om særs få stemmer. Partiet vippa i fleire timar over og under streken medan stemmene tikka inn. Denne kommentaren er skriven rett etter at NRKs tallknusarar slo fast at KrF ikkje lenger hadde sjans på å nå sperregrensa, rett rundt midnatt.
Stor sorg
For mange er det ei melding som kjem med stor sorg. Også for ein del av dei som ikkje sjølv har stemt på eller lenger er ein del av partiet.
KrF hadde ei imponerande mobilisering på meiningsmålingane gjennom valkampen. Partiet førte ein valkamp som målretta seg inn mot dei gamle fylka i «bibelbeltet» langs kysten, Agder-fylka, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Likevel viser tala at partiet berre auka oppslutninga si i Vest-Agder, medan det gjekk tilbake i alle dei andre fylka.
Til og med i Kjell Ingolf Ropstads heimfylke Aust-Agder gjekk partiet tilbake i valet, samanlikna med 2017. Det forklarar kvifor partiet ikkje klarte sperregrensa.
[ Dramatisk for KrF: Havner under sperregrensa ]
Frå KrF-hald har det blitt peika på at valkampen har vore blant dei beste og mest velorganiserte som partiet har ført på ei stund. Når valresultatet no viser at partiet likevel ikkje klarte å mobilisere nok i kjerneområda, tyder det på at den strategien som vart vald ved å satse på grunnfjellet og kjerneveljarane, ikkje tok høgde for eit vesentleg poeng: At grunnfjellet rett og slett ikkje er stort nok lenger.
Guterommet til Ropstad
Det held ikkje å re-mobilisere dei veljarane som tidlegare har stemt KrF, så lenge partiet ikkje vinn nye. Den demografiske utfordringa med at KrF sine veljarar døyr ut, er kanskje meir sann enn mange i partiet likar å tru. Det er kanskje for krevjande å finne veljarar som er imot sjølvbestemd abort, seier tja til konverteringsterapi og samstundes er for ein offensiv klima- og flyktningpolitikk. Dei veljarane er det altfor få av.
Kanskje vil kniven på strupen som stortingsvalet i 2021 faktisk viste seg å bli, vere det som trongs for å sikre fornyinga av KrF. Fordi mange vil meine at utan KrF i norsk politikk, vil det norske samfunnet mangle noko verdifullt.
— Emil André Erstad, kommentator
Samstundes er det grunn til å undre seg over korleis resultatet ville blitt dersom den såkalla gutteroms-saka rundt Kjell Ingolf Ropstad ikkje hadde prega nyheitsbiletet den siste veka før valet. Fleire har peika på at alt bråket rundt saka i seg sjølv var med på å mobilisere veljarar til støtte for KrF og Ropstad, fordi ein del usikre KrF-veljarar kanskje kan ha tenkt at trøkket mot Ropstad fekk for mykje preg av ei heksejakt. Ville KrF klart dei nødvendige desimala dersom saka ikkje kom? Det er umogleg å vite, men også ikkje meir enn eit tankeeksperiment.
Langt frå heilmørkt
Valkvelden vart ein mørk kveld for KrF, men er langt frå heilmørk. Det meste tyder no på at partiet vil ende opp med tre representantar på Stortinget, som tilfeldigvis også er tre av dei fire som har vore statsrådar for partiet dei siste åra; Dag Inge Ulstein, Kjell Ingolf Ropstad og Olaug Bollestad. Alle tre har potensialet i seg til å leie partiet vidare.
[ «Påtroppende statsminister Jonas Gahr Støre tvinges til å samarbeide mer» ]
Spørsmålet er kva profil KrFs organisasjon no vil gjenoppbygge partiet rundt. Dersom ein ser til Danmark, viser erfaringa frå dei danske Kristendemokraterne, at det er særs vanskeleg å kome inn igjen i nasjonalforsamlinga etter å ha falt ut. KrF har no tre verdifulle representantar igjen. Uheldigvis for partiet har Støre sikra seg fleirtal saman med Senterpartiet og SV, og dermed vil partiets tre mandat neppe ha avgjerande betydning i dei store politiske spørsmåla dei neste fire åra – med mindre samarbeidet mellom dei raudgrøne partia slår sprekker.
Utover grunnfjellet
Dersom KrF skal klare å gjenreise seg, må partiet appellere til fleire enn det gjer i dag. Då treng partiet fleire unge veljarar utanfor det som tradisjonelt har blitt oppfatta som «grunnfjellet». Det vil ha konsekvensar for ein del av dei politiske prioriteringane.
Ropstad seier han kjem til å slåss dei neste fire åra, og at oppgåva som ligg framfor han og partiet vert særs krevjande. Han seier nøkkelen ligg i å bli eit meir folkeleg parti enn partiet har klart så langt. Det blir interessant å sjå om han er mannen som kan klare å vise det i praktisk politikk for nye grupper av veljarar.
[ Sentrum flopper fullstendig - blir slått av Partiet De Kristne ]
Spørsmålet er om partiorganisasjonen i KrF er i stand til å foreta ei sånn fornying og revitalisering. Kanskje vil kniven på strupen som stortingsvalet i 2021 faktisk viste seg å bli, vere det som trongs for å sikre fornyinga av KrF. Fordi mange vil meine at utan KrF i norsk politikk, vil det norske samfunnet mangle noko verdifullt.