Kommentar

Tillit meir verdt enn millionar

Den høge tilliten til det politiske systemet kjem ikkje av seg sjølv. Vi kan ikkje la hemmelege donorar rive den ned.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Førre veke kom det to store, viktige nyheiter om den politiske valkampen. Den eine var nyheita som Filter Nyheter kom med om at organisasjonen «Aksjon for borgerlig valgseier» har samla inn 5.3 millionar kroner, og at 1.1 million av desse pengane vart gitt til dei borgarlege partia. Høgre, Venstre og KrF varsla ganske raskt at dei ville betale tilbake pengane, fordi dei kan stride mot partilova. Det er klokt og prinsipielt tenkt.

Meir tillit

Frp står framleis oppført med 250.000 kroner til valkampen sin og har hardnakka hevda at bidraget ikkje er i strid med partilova, trass i at «Aksjon for borgerlig valgseier» ikkje vil sei kven dei har fått pengane frå.

Den andre viktige nyheita kom frå Tillitsbarometeret som vart presentert under Arendalsuka. Den årlege målinga viser kva nordmenn meiner om ulike samfunnsinstitusjonar, og i år viser den at 78 prosent av dei spurte har høg tillit til Stortinget. Det betyr ei lita auke frå i fjor, men ein klar framgang frå tidlegare år.

Frp er kjende for å snakke mykje om å forsvare norske verdiar. Å importere ideen om hemmelege donorar og lite openheit frå amerikanske valkampar, er ikkje den beste måten forsvare desse verdiane.

—  Emil André Erstad, kommentator

Den høge tilliten mellom nordmenn, og mellom folk og politikarar, er ganske unik i eit internasjonalt perspektiv. Gløym olja — tilliten er langt meir verdifull for samfunnet vårt. Av alt snakket om norske verdiar er denne verdien den desidert mest viktigaste. Denne tilliten og openheita må forvaltast klokt av politikarane.

Amerikanske tilstandar

Det er derfor alvoret slår inn når «Aksjon for borgerlig valgseier» samlar inn pengar til dei politiske partia, men ikkje vil fortelje kvar pengane kjem frå. Det er ikkje noko gale for eit parti å ta imot pengar frå private, men det er eit problem å ikkje vite kvar pengane kjem frå. Dynamikken ved at veljarane ikkje kan stole på kva interesser som står bak dei politiske partia, skapar utryggleik.

Spesielt i ei tid der utanlandsk etterretning er særs interessert i å påverke demokratiske val i land som Norge. På spørsmål om pengane ikkje var narkopengar, svara talspersonen til foreininga at journalisten ikkje skulle bry seg om det.

Frp er kjende for å snakke mykje om å forsvare norske verdiar. Å importere ideen om hemmelege donorar og lite openheit frå amerikanske valkampar, er ikkje den beste måten forsvare desse verdiane. Partiet burde derfor gjere som Høgre, Venstre, KrF og Civita — å takke nei til pengane. Det er den aller viktigaste verdien, tillit, som står i fare.


Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar