Kommentar

Den store, fatale fiaskoen

Dersom Taliban tar over Afghanistan igjen, er det vanskeleg å kome unna ordet fiasko om dei 20 åra Norge og Nato har brukt i landet. Kanskje burde vi høyrt meir på sosialantropologane før vi starta.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Norge hadde tre mål i Afghanistan. Det første var å støtte USA. Det andre var å bidra i «kampen mot terror» ved å hindre at Afghanistan igjen vart ein fristad for internasjonale terroristar. Det tredje var å bidra til å bygge ein stabil og demokratisk afghansk stat.

Overraskande fort

Forholdet til USA står seg, ettersom Norge følger amerikanarane lojalt ut av Afghanistan. Dei to andre måla – som vel bør seiast å vere langt viktigare for afghanarane og Afghanistan – ser ut til å mislukkast fullstendig.

Den enkelte norske soldat og bistandsarbeidar har likevel gjort ein viktig innsats, men det er ingen grunn til å tru at Taliban no erobrar Afghanistan i rekordfart for å få fortgang i bygginga av ein demokratisk stat med eit liberalt demokrati.

For Taliban har no tatt kontroll over nesten heile Afghanistan. I analysane til dei utanlandske militærstyrkane var det få eller ingen som såg at det ville gå så fort.

Dei som ofra livet

Mykje tyder på Kabul snart står for tur til å hamne på hendene til den ytterleggåande islamistrørsla. Det er ikkje sikkert Taliban eingong treng å erobre Kabul. Hovudstaden kan strupast og isolerast sjølv utan erobring, og dermed kan Taliban sakte kvele den afghanske regjeringa som held stand der, ved å kontrollere resten av landet.

Det er ingen grunn til å tru at Taliban no erobrar Afghanistan i rekordfart for å få fortgang i bygginga av ein demokratisk stat med eit liberalt demokrati.

—  Emil André Erstad, kommentator

Fleire av nabolanda har allereie byrja å behandle Taliban som den de facto styrande grupperinga i Afghanistan, for eksempel ved alle grenseovergangane Taliban har erobra.

Bileta av dei afghanske regjeringsstyrkane som gir opp, legg ned våpna sine og skifter side, får tankane over på alle dei sivile afghanarane og utanlandske soldatane sine som har ofra livet for eit betre Afghanistan med meir framtidshåp.

Fredrik Barth

Spørsmåla er mange.

Var alt forgjeves? Det er ikkje lett å svare nei på det spørsmålet, slik situasjonen ser ut no.

Korleis kunne Taliban så fort sikre seg kontroll over Taliban?

I boka «Afghanistan og Taliban» som den legendariske sosialantropologen Fredrik Barth gav ut i 2008, fins svar. Barth brukte ungdomsåra som sosialantropolog på å bu med pashtunarane i Afghanistan – den folkegruppa som har vore den tradisjonelle rekrutteringskjelda til Taliban, og som utgjer fleirtalet av den afghanske befolkninga.

Barth skildra den heilt særeigne dynamikken i det pashtunske samfunnet ved å peike på at den typiske pashtunaren er oppteken av å styre seg sjølv. «Eg tar ikkje kommando frå nokon» er ein gjennomgangsmelodi i den pashtunske tankemåten. Dermed er ein pashtunar særs oppteken av å kunne slutte seg til den rørsla eller gruppa ein sjølv vil, alt etter kva som tener denne personen på eit gitt tidspunkt.

Særeigen kultur

Det kan forklare kvifor Taliban har sikra seg kontroll så fort, ofte sjølv utan å eingong løsne skot mot regjeringshæren. Viss vi skal ta Barth sine teoriar på alvor har regjeringssoldatane ganske enkelt skifta side fordi dei ser seg tent med det, både for seg sjølv og familiane sine.

Barth peika på at utanlandsk etterretning i liten grad klarte å fange opp desse særeigne trekka ved den pashtunske kulturen – trekk som Taliban no brukar til sin fordel for alt det er verdt.

Det er grunn til å frykte eit Afghanistan styrt av Taliban. Før den tid er det større grunn til å frykte dei enorme sivile og militære tapa som kjem til å skje i Afghanistan, på begge sider. Kanskje vil landet ganske raskt hamne i ein blodig borgarkrig. Kanskje vil kriminelle grupper få fritt spelerom. Kanskje vil terroristane få den fristaden dei hadde på 90-talet.

Høyr meir på sosialantropologane

Det som er sikkert, er at mange afghanarar vil flykte frå Afghanistan. Dei flyktningstraumane vi har sett så langt frå landet, vil vere ganske små samanlikna med det store talet på menneske som no kjem til å gjere kva dei kan for å kome seg i tryggleik utanfor landets grenser.

Krig er forferdelege greier, men historia har vist at å krige seg til velfungerande demokrati sjeldan har fungert. Kanskje burde sosialantropologane få meir å sei før vi startar å krige.



Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar