Kommentar

Straffa kjem for det syriske regimet

Ti år med krig har knust framtidshåpet til millionar av syrarar. Dei ansvarlege skal vite at straffa kjem – ein dag. Kanskje følger dei ekstra nøye med på det som skjer i den vesle tyske byen Koblenz.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I 2015 reiste eg rundt i dei syriske flyktningleirane i Libanon og Jordan for å samle forteljingane om kva dei desperate syrarane hadde flykta frå. Resultatet vart ei bok der eg presentere dei mest inhumane, grusomme historiene folk hadde gjennomlevd under det syriske regimet, under IS og under andre grupperingar som braut humanitær rett. Berre å skrive boka var ei stor påkjenning, men eg kan ikkje førestille meg korleis det har vore å leve med eit slikt inferno år etter år, og framleis ikkje sjå ein ende på det.

Splitta av den blodige krigen

Situasjonen i Syria er no kanskje verre enn nokon gong. Landet er djupt splitta av den blodige krigen, kratera etter tønnebombene frå Assad sine helikopter ligg som opne sår i bybileta over heile Syria. Halvparten av dei 22 millionane som budde i landet før krigen, er på flukt. Prisen på mat har stige så mykje at mange syrarar framleis risikerer å gå svoltne til sengs. Og det syriske regimet? Jo, dei gjer det berre vanskelegare for handelsmennene som skal selje kveitemjøl og andre naudsynte matvarer på marknaden ved å ta betalt i sjekkpunkt etter sjekkpunkt. Assads regime er ikkje noko anna enn eit gjennomautoritært, gjennomkorrupt og grusomt brutalt regime.

Det er ingen tvil om at vi svikta, slik BT-kommentator Morten Myksvoll slo fast i ein særs lesverdig tekst førre veke. Med vi meiner eg verdssamfunnet, vestlege land, Europa og alle gode krefter. Som Myksvoll skriv: «Det er kanskje flyktningkrisa folk hugsar best. Eller terrorgruppa IS. Men krigen i Syria er eigentleg historia om det folkelege opprøret mot diktatoren Bashar al-Assad.»

Dommen er eit signal om at ingen skal kunne torturere eller utsette andre menneske for umenneskeleg behandling, utan å risikere konsekvensar.

—  Emil André Erstad, gjestekommentar

Til krig mot eiga befolkning

Assad er mannen som gjekk til krig mot si eiga befolkning, etter å ha vore ein del av dei mest undertrykkande regima i verda i mange tiår. Heller enn å ville akseptere dei moderate krava om demokratiske reformer, ville Assad sjå blodet flyte i gatene. Blodet til kvinner, born og heilt uskuldige menneske.

I dag er det denne tyrannen av ein mann som styrer om lag 60 prosent av det syriske territoriet, inkludert dei fleste store byane. Ved hjelp av russiske bombefly, iranske og libanesiske militsar har han sakte, men sikkert sikra seg meir kontroll over landet. I juni planlegg Assad å halde nok eit jukseval for å sikre seg sin fjerde sju-årsperiode i presidentpalasset.

Ein av dei tinga som har drive vondskapen i Syria vidare, er det faktumet at alle veit at dei kan gjere nesten kva som helst utan å verte straffa for det. Fagfolk innan internasjonal strafferett kallar fenomenet fridom for straff (impunity). Mange av dei verste regima og konfliktane i verda vert oppretthaldne av dette fenomenet.

Dømt for brot internasjonal lov

Det som skjer i den vesle, tyske byen Koblenz kan likevel gje Assad grunn til uro for åra som kjem. For få veker sidan vart nemleg ein representant for det syriske regimet for første gong dømt for brot på internasjonal lov.

Wassim Mukdad er ein 36-åring som vart tatt av politiet då han skulle demonstrere i Damaskus 3. september 2011. Dei regimelojale politifolka frakta han til eit fengsel der han vart avhøyrt medan han vart tvungen til å ligge på bakken med beina opp og bind for augo. Kvar gong han svara noko som avhøyrarane ikkje likte, vart han slått på fotblada. Etter at han vart lauslaten, flykta han til Tyskland – landet der han til slutt skulle få sjå overgriparane sine i augo i ein rettssal.

Rettsaka er driven fram av det ikkje-statlege, Berlin-baserte European Center for Constitutional and Human Rights (ECCHR), saman med bidrag frå blant andre Den norske Helsingforskomité, FN-granskarar og politifolk. Saman har desse samla inn vitneforklaringar, gått gjennom titusenvis av bilete, videoar og datafiler. Fordelen med krigen i Syria er at den er så ekstremt godt dokumentert, men det er ikkje ein fordel i favør president Assad.

The joint plaintiffs Wassim Mukdad, from left, Patrick Kroker, attorney, and Hussein Ghrer talk to journalists after the first day's trial in Koblenz, Germany, Thursday, April 23, 2020. Two former members of Syria's secret police go on trial Thursday in Germany accused of crimes against humanity for their role in a government-run detention center where large numbers of opposition protesters were tortured.(Thomas Frey/dpa via AP)

Særskild alvorlege brotsverk

Mange vestlege land har eit lovverk som opnar for det same som er gjort i Tyskland, gjennom det som heiter universell jurisdiksjon. Det vil sei at til dømes ein norsk domstol kan døme ein person som har gjort særskild alvorlege brotsverk i til dømes Syria. I nokre saker er det mogleg å arrestere gjerningsmannen, mens i andre er han utanfor rekkevidde. Men òg i slike saker kan Interpol sende ut ei internasjonal arrestordre. Det er rekna med at meir enn 100 personar frå det syriske regimet held seg i europeiske land, så det burde vere mat nok for rettssystema inntil fleire i Assad sin inste krets vert tatt. Her har også Norge eit ansvar: Kripos kunne kartlegge vitne blant syrarane i Norge, for å førebu etterforskningane som uansett vil kome mot dei syriske bødlane.

Vitnesbyrdet til Mukdad i Koblenz førte til at torturisten Eyad al-Gharib vart funnen skuldig i medverknad til brotsverk mot menneskeheita. Al-Gharib fekk fire og eit halvt år i fengsel, mest fordi han var ein mindre fisk i Assad-regimets torturapparat.

Kanskje kan det som skjer i Koblenz varsle ein ny vår for Syria.

—  Emil André Erstad, gjestekommentar

Dommen er eit signal

Saka viser at menneskerettsorganisasjonar er avgjerande i kampen mot straffridom. Dommen er eit signal om at ingen skal kunne torturere eller utsette andre menneske for umenneskeleg behandling, utan å risikere konsekvensar.

Rettssakene i Koblenz viser at vestlege demokrati har noko å tilby i kampen mot brotsverka til folk som den syriske presidenten Bashar al-Assad, nemleg velfungerande rettssystem. Desse systema kan brukast til å skape rettferd. Ingen av dei som har opplevd tønnebomber, tortur eller drap i den syriske borgarkrigen kan få framtida si tilbake, men for at Syria skal kome vidare trengs nettopp denne typen arbeid for rettferd.

Kanskje kan det som skjer i Koblenz varsle ein ny vår for Syria.


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar