Kommentar

Ei hyllest til eineståande mødrer

Å kjempa for å betra kåra til åleinemødrer er essensen av kvinnekamp.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Me får ikkje stå skulder til skulder i marskulda. I staden blir 8. mars-toget flytta inn til dei tusen skjermar. Eg kjem til å sakna den varmen eg får av å sjå feministar av alle kjønn og aldrar samla på Youngstorget i Oslo. Spesielt i år hadde eg trengt eit tog.

Dei siste 15 månadane har eg gradvis blitt lamslått. Eg har reist rundt i Noreg og intervjua fattige familiar i samband med eit bokprosjekt. Mange av dei er åleinemødrer. Historiene dei fortel, skremmer meg.

«Eg blei fattig då eg gjekk frå mannen min», fortalde ei kvinne som kallar seg «Elena». Etter samlivsbrotet flytta ho og dottera inn på ein eittroms leilegheit. Innanfor tronge husveggar prøver «Elena» til å få kvardagen til å gå opp, med ein utmattande vaskejobb og ei rastlaus dotter som klatrar oppover møblane og ikkje vil ha anna enn spagetti med ketsjup til middag.

«Elena» er ikkje åleine. Åleineforeldre har tre gonger større risiko for å vera fattige enn par med barn. Kvinner har over tre gonger så stor sjanse for å enda opp som eineforsørgar enn menn.

Superheltar blant oss

Mange åleinemødrer er superheltar i å få kvardagen til å gå opp. Dei står åleine i å takla dei daglegdagse krisene som oppstår når poden vaknar med sår hals eller skal i barnebursdag men presangen manglar.

Dei lever liv på sida av den idylliske kjernefamilien som det tyt ut bilde av frå sosiale medium.

Trass den jobben åleinemødrer har lagt ned, har dei også måtta halde ut mykje hets. Ta vår eigen Donald Trump-prototyp Carl I. Hagen som eit eksempel. På 1980-talet raljerte han med åleinemødrer og det han kalla deira «uansvarlege livsførsel». Det er sitat som me kan le av i dag.

Den tøffe situasjonen mange åleinemødrer står i, er ein eksistensiell trussel for alle kvinner som vel å få barn.

—  Maria Lavik

Kyrkja har også måtte ta eit oppgjer med gamalt grums. «Det er på det rene at kirkens holdning har påført alenemødre en krevende belastning», uttalte dei tolv biskopane i Den norske kyrkja i 2019.

Dei viste til korleis barn født utanfor ekteskap tidlegare kunne bli nekta dåp og at ugifte foreldre ikkje fekk stå saman ved døypefonten.

Dyrt å vera åleine

Det er eigentleg eit stort paradoks: Medan samfunnets haldningar mot åleinemødrer har blitt mindre dømmande, har ikkje den økonomiske situasjonen deira betra seg. Åleinemødrer er framleis langt meir utsett for å vera fattige enn kvinner i parforhold.

Tidlegare var overgangsstønad ei viktig inntektskjelde for mange åleinemødrer. Denne stønaden er ei av få ytingar som er øyremerka einslege forsørgarar.

Då stønaden vart innført i 1964, skulle han gje åleineforeldre meir tid til barna. Frå 1980-talet har denne ytinga blitt stramma inn og lagt om til å sikra at mottakaren skal ut i jobb. Det resulterte i at færre mottar stønaden.

Etter den siste runden med innstrammingar, i 2012, viser ein analyse frå Nav at fleire kvinner enda på sosialhjelp framfor å koma seg i arbeid.

«Working poor» i Noreg

Sjølv om åleinemødrene gjer som staten vil og satsar på å leva på yrkesinntekt framfor stønader, så er ikkje det nok. Jobb er ikkje ei sterk vaksine mot fattigdom for åleinemødrer.

Einslege forsørgarar som lever av yrkesinntekt, har over dobbelt så stor sjanse for å vera fattige som par med barn. Dei er ein del av det forskarane kallar «working poor» – arbeidande fattige – eit omgrep som vekker assosiasjonar til USA, fattigdommens høgborg.

Ei analyse frå Statistisk sentralbyrå viser at einslege forsørgarar ofte gjer som kvinner flest: Dei jobbar i låglønsyrke som helse og sosial og varehandel. I tillegg jobbar dei oftare deltid.

Og, trass i at inntektene til åleinemødrer oftast er minst det halve enn i eit parforhold, betyr ikkje det at utgiftene er tilsvarande låge. Utgifter som bustadlån, straum og transport blir ikkje halvert om ein går ifrå to inntekter til ei.

Eksistensiell trussel

Den tøffe situasjonen mange åleinemødrer står i, er ein eksistensiell trussel for alle kvinner som vel å få barn. For det kan skje oss alle.

Me kvinner tek ofte val som om det parforholdet me er i, kjem til å vara evig. Me går ned i stilling, mister pensjonsrettar, putter mindre pengar i fond og aksjar og bruker meir pengar på hushaldningsartiklar.

I eit tradisjonelt, heterofilt parforhold går dette greitt. Her kan mannen subsidiera hushaldet – han tener mest pengar mot at ho gjer mest arbeid i heimen og med barna.

Kanskje er me kvinner ikkje gode nok til å sjå trugsmålet i denne ubalansen. For kva om forholdet ein gong tek slutt?

Fleire av åleinemødrene eg møtte i arbeidet med boka mi, fortalde at dei braut ut av forholdet fordi dei kjende seg utrygge. «Elena» var redd for eksmannen, som ho fortel kunne drikka mykje og bli sint og sjalu.

Det er mange som har det slik. I arbeidet med boka har tankane mine kverna: Blir fleire verande i ustabile forhold fordi det kostar så mykje å vera åleineforeldre?

Å kjempa for åleinemødrer sine økonomiske kår, handlar altså ikkje om å synast synd på dei. Me kvinner må forstå at dette kan skje oss alle.

Betre kår til åleinemødrer er ei slags forsikringsordning for alle kvinner. Det kan sikra at me kan leva sjølvstendige liv med trygge rammer, både i og utanfor parforhold.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar