Kommentar

Høgrepopulistane kjem – igjen!

Kan verkeleg Marine Le Pen eller partiet Alternativ for Tyskland forandre noko som helst viss dei får makt over Europa?

Trass i at ho har drukna i Frankrikes og Emmanuel Macrons handtering av koronaviruset, stør framleis rundt ein kvartdel av den franske befolkninga høgrepopulisten Marine Le Pen i målingane. Akkurat no ligg ho an til å få 26 prosent av stemmene i første runde av presidentvalet – som dessverre for henne først er i april neste år.

Skulle Le Pen vinne første valomgang er det likevel usannsynleg at ho kan hamle opp med Macron i andre valomgang. Der vil Macron hanke inn stemmer frå mange av dei andre liberale eller venstreorienterte kandidatane som vert slått ut etter den første valomgangen.

Det kan bli eit heilt anna Europa enn vi ser no

—  Emil André Erstad

Stempla som ekstremt

Uansett: Målingane er i ferd med å gje høgrepopulistane i Europa håp om ein ny vår for kandidatane som ligg utanfor feltet av etablerte politikarar. Det same er i ferd med å skje i Tyskland, der partiet Alternativ for Tyskland (AfD) samstundes er i ferd med å bli stempla som ei ekstrem politisk rørsle av fleire tyske delstatar. Det er alvorleg i eit land der AfD er det største opposisjonspartiet i parlamentet, den tyske Forbundsdagen. Ved førre val i 2017 slutta 12,6 prosent av dei tyske veljarane opp om partiet.

Også AfD sveva høgt på målingane før viruset frå Wuhan trefte tyske byar som ein tsunami. No tyder mykje likevel på at partiet er i ferd med å stige på målingane att, etter kvart som det verste pandemitrykket stilnar – eit halvt år før det på nytt skal haldast parlamentsval i Tyskland. At eit høgrenasjonalistisk, kanskje til og med ekstremt, parti skal ha ei så stor rolle i det tyske parlamentet, er uansett alarmerande.

Eller er det eigentleg det?

Kva ugagn kan eigentleg desse sterkt høgreorienterte, populistiske partia stelle i stand viss dei skulle slumpe til å skaffe seg reell makt over politikkutviklinga i Europa?

Handmaid’s Tale?

Ein ting er det at høgrepopulistiske parti har styrt land som Ungarn og Polen i lang tid, og at desse partia har styrt landa sine inn på ein tydeleg autoritær kurs. Noko anna er det med Tyskland og Frankrike. Vi veit jo at Tyskland og Frankrike er dei som eigentleg bestemmer i EU, i alle fall no som Storbritannia har gått frå bordet, takka for seg og slamra med døra.

Det fins to motstridande, liberale perspektiv på høgrepopulistane og trugselen dei utgjer for våre europeiske samfunn.

Det første er at viss dei kjem til makta og får styre politikken vil samfunna våre bli ein slags kopi av dystopien Handmaids Tale der rettane våre vert innskrenka, demokratiet forsvinn og alle lir medan den autoritære samfunnsmodellen kveler oss.

Det er mykje som talar for at ei slik forståing er langt frå så alarmerande som den høyrast ut. Det er berre å legge øyret til bakken og sjå kva som skjer i nettopp Ungarn og Polen, der høgrepopulistane er i ferd med å skape eit illiberalt samfunn som verkeleg kan øydelegge det europeiske prosjektet innanfrå.

«So What?»

Det andre perspektivet er meir prega av spørsmålet: «So what?» Rett nok kan det hende at Marine Le Pen kan ha flaks med den politiske vinden inn mot presidentvalet i april neste år, men sjølv om ho skulle ende opp som fransk president er det politiske systemet i Frankrike så robust og stabilt at det ikkje kjem til å ende i noko ungarsk eller polsk verkelegheit. I alle fall ikkje over natta. Ho vil ikkje ha sjans til å stogge dei uavhengige, sta franske mediehusa. Ho vil ikkje skaffe seg kontroll over parlamentet.

Det same gjeld i Tyskland: Om AfD skulle få større makt over den nasjonale politikken, vil det framleis vere ein drøss med delstatar som vil kunne stå imot autoritær politikk frå det høgrenasjonalistiske partiet.

Kanskje, kanskje ikkje. Kven veit.

Lite rom for innstrammingar

Risikoen for å teste det ut er nok for stor til at mange av oss ville ønske å sjå det i praksis, enn berre som eit samfunnsvitskapleg eksperiment. For det er sannsynleg at dersom dei høgrepopulistiske partia får større makt i dei to største og mektigaste landa i EU, så vil det få konsekvensar for kva retning Europa tar. Det vil få konsekvensar for kven som sit rundt forhandlingsborda, og kva premiss forhandlingane tar utgangspunkt i.

Så kan ein spørre: Kor mykje kjipare og strengare kan til dømes europeisk innvandringspolitikk eigentleg bli? Rommet for innstrammingar er ikkje stort, aldri så mykje Le Pen eller AfD argumenterer for noko anna.

Skulle dei ekstreme høgrepartia få makt i Tyskland og Frankrike vil det mulegens også få konsekvensar for korleis land som Polen og Ungarn vert behandla av EU. Vi ventar jo framleis på ei avgjerd frå EU-domstolen om korleis desse landa skal forhalde seg til det faktum at dei får ein del pengar frå Brussel, under føresetnad om at dei ikkje øydelegg eller demonterer rettsstatane i Budapest og Warszawa.

Det er kanskje ikkje sannsynleg at høgrepopulistane får makt verken i det tyske valet i september eller i det franske presidentvalet neste år, men vi bør førebu oss dersom det skulle skje.

Det kan bli eit heilt anna Europa enn vi ser no.

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Emil André Erstad

Erstad er sakprosaanmelder og kommentator i Vårt Land. For øvrig er han kommunikasjonssjef i Den norske Helsingforskomité og har tidligere vært rådgiver for daværende partileder i KrF, Knut Arild Hareide.

Annonse
Annonse

Mer fra: Kommentar