Kommentar

Trump vann ikkje bedehusa

Korleis har det seg at den konservative, religiøse og våpeneigande vestlendingen står så milelangt frå Trump?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er lett å skjere alle konservative kristne over ein kam, men den analytikaren som gjer det, syndar stort. Likevel er det nok mange som leitar etter likskapar mellom dei konservative kristne i Norge og Amerika, når dei ser alle krumspringa frå Trump og hans hordar av evangelikale støttespelarar.

Det er lett å peike på det som er likt, for eksempel mellom Trumps støttespelarar og bedehusfolk på Vestlandet: Den bokstavelege gudstrua, hangen til å ta stilling i symbolske stridsspørsmål og det fiendtlege synet på eit sekularisert samfunn.

Bedehusrørsla

Ein del av dei som høyrer til den vestlandske bedehusrørsla er også jegerar, slik det er vanleg å vere viss ein bur ruralt til på Vestlandet eller andre stader. Det betyr at mange av dei eig våpen. Mange av dei ser med skepsis på sentralmakta i Oslo. Mange sender borna sine på kristne skular. Mange meiner samfunnet er «avkristna». Dei fleste er mot abort og kritiske til homofilt samliv. Mange er opptekne av å støtte opp under Israel.

Når ein samanliknar Trump, hans evangelikale støttespelarar og det vestlandske bedehusfolket, er likevel forskjellen meir påfallande enn likskapen. Kor ulikt desse visstnok liknande miljøa ser på verda, politikk og samfunn – trass i ein del symbolske fellestrekk.

Sjølv vaks eg opp i den vestlandske bedehusrørsla, og etter mange år i Oslo har eg no flytta heim att til eit område der den konservative bedehusgjengaren er meir daglegdags enn kuriøs.

Når ein samanliknar Trump, hans evangelikale støttespelarar og det vestlandske bedehusfolket, er likevel forskjellen meir påfallande enn likskapen

—  Emil André Erstad, gjestekommentator

Desse bedehusfolka her heime på Vestlandet står milelangt frå det halvautoritære samrøret mellom Trump og dei store evangelikale kyrkjene som støttar han. Viss ein spurde dei før valet ville det ikkje falle dei inn å seie at dei ville stemt på Trump viss dei hadde sjansen, med eit og anna unntak. «Mannen er jo gal», ville mange av dei sagt.

Ja, det fins kristne i Norge som støttar Trump – men desse finn ein i hovudsak i nokre av dei meir karismatiske kyrkjelydane i sentrale strok, der aviser som Norge IDAG og TV-kanalen Visjon Norge står sterkt.

Sjølv om bedehusmiljøet på Vestlandet er ei stadig minkande demografisk gruppe, er det nokså fascinerande kor markant ulik haldning dei har til Trump enn nokre av sine karismatiske systrer og brør.

Her er tre grunnar til at det kan vere slik.

Den norske folkesjela

For det første er den vestlandske bedehuskulturen først og fremst norsk. Bedehuskulturen vart ikkje importert utanfrå, slik tilfellet er med nokre av dei sterkt amerikaniserte, karismatiske miljøa vi har i Norge. Bedehuskulturen oppstod her, og vart derfor veva inn i den norske folkesjela – ei folkesjel som er prega av høg tillit mellom dei som er ein del av den.

I Norge har vi så høg tillit til dei som styrer at det i seg sjølv er ein vaksinasjon mot autoritære idear og konspirasjonsteoriar som dei Trump og hans evangelikale fotfolk spreier om seg med i USA no, også blant dei som går på møter på bedehuset.

For det andre er bedehuskulturen anti-autoritær av natur og i sine røter. Lekmannsrørsla oppstod som ein reaksjon på kyrkja sitt monopol på organisert kristentru, at ein skulle kunne forkynne Guds ord utan å vere prest. At ei slik rørsle er på vakt for autoritære rørsler og autoritære maktgrep, ligg i rørsla sitt DNA.

Kanskje er det her vi finn noko av det aller mest sentrale i motsetnaden mellom den pietistiske vestlendingen og den våpengalne evangelikalaren i USA: Ingen menneske er så smålåtne som det nøkterne bedehusfolket.

Det er kanskje grunnen til at rotet på kjøkkenet til Erna Solberg slår langt betre an enn bileta av den nærast perverse luksusen Donald Trump omgir seg med. Hos dei evangelikale amerikanarane er luksus eit teikn på suksess, medan det for bedehusfolket er teikn på overdådig sløseri.

Møte med verdas urett

For det tredje er bedehusrørsla sterkt sosialt engasjert. Forteljingane frå misjonærane som reiste ut og kom heim att, sit framleis sterkt i veggane på norske bedehus. Det har nok ført til eit sosialt engasjement som legg stor vekt på nestekjærleiken i møte med verdas urett – på ein heilt annan måte enn det som kjem til uttrykk hos amerikanske evangelikale.

Det er få saker som har engasjert bedehusfolket så sterkt dei siste åra som asyl- og flyktningspørsmåla, spesielt knytt til Arne Viste sitt engasjement for papirlause asylsøkarar og Fitjar bedehus sitt forsvar for ein familie med konvertittar frå Afghanistan.

Kanskje handlar det om at nestekjærleiken er ein heilt annan nerve i bedehusrørsla enn den er hos dei evangelikale amerikanarane. Dei evangelikale vil nok hevde dei også står for ein utbreidd nestekjærleik, men ved nærare augesyn ser dei ut til å tolke den slik Dansk Folkeparti gjer: din neste er den som er deg nærast. Altså, vi må ta vare på våre eigne før vi tar vare på alle andre som kjem rekande. Nestekjærleiken på bedehuset er langt breiare og meir omfattande enn som så.

Kanskje er det på bedehusa på Vestlandet vi finn vaksinen mot Trumps kristendom.


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar