Kommentar

Olav den viktige

Olav avslo å bli konge i Bulgaria og vende i staden attende til lagnaden på Stiklestad. I dag feirar vi hærmannen som vart katolsk helgen.

Olav Haraldsson var lite populær i Trøndelag, men etter fallet hans på Stiklestad blei regionen kristna, Nidarosdomen oppført og Olavsfestdagane opna av Trond Giske.

Dette siste skjedde så seint som i går ettermiddag, men soga om Heilag Olav går meir enn tusen år tilbake i tid.

For å rekapitulere ein smule vart Olav Haraldsson fødd på Ringerike i 995, som son av Harald Grenske Gudrødsson og Åsta Gudbrandsdotter. Tippoldefaren var ingen ringare enn Harald Hårfagre, mannen som ikkje klipte håret før han hadde samla Noreg til eitt rike.

Slektskapen gjorde Olav trygg i trua på at kongeriket Noreg var farsarven hans. Frå han var gutunge var landet nemleg delt mellom den danske og den svenske kongen, med jarlane Eirik og Svein som underkongar. Olav Digre, som Olav snart vart kalla, kom til makta rundt år 1015. Då hadde han vore ute i verda og herja og slåst sidan tolvårsalderen. Heilag Olav var ein god viking.

Evnerik. Snorre Sturlason skriv om Olav at han frå barnsbein av var vakker av utsjånad, middels stor av vekst, evnerik, klok og veltalande. I tillegg var han ein framifrå idrettsmann, ikkje minst innanfor øvingane bogeskyting, spydkast og symjing. «Han var svært gjerne med i leker, ville alltid være først og best i det meste. Det var en æressak for ham, med hans byrd og ætt,» heiter det i Den store sagaen om Olav den hellige, som vart lansert denne helga. Hovuddelen av teksten er henta frå Snorres Heimskringla, nyomsett frå norrønt til moderne bokmål av Edvard Eikill og redigert slik at boka utgjer ei samanhengande forteljing om Heilag Olavs liv.

Her kan vi lese om korleis Olav slo frå seg både i auster- og vesterveg, om korleis han for åt når han kristna Noreg, om dei historiske hendingane på Stiklestad i 1030 og om undera som følgde i ettertid.

Kjent fadder. Dette er kjent stoff for mange, men mykje er kanskje også gått i gløymeboka sidan skuledagane. Eg hugsa til dømes ikkje at Olav Tryggvason stod fadder då Heilag Olav vart døypt som barn. Olav Tryggvason, som døydde då fadderbarnet berre var fem år, kom til å bety mykje for Heilag Olav. Ikkje minst gjennom den underlege draumen Olav hadde då han sat i eksil i Gardarike og bestemte seg for å reise attende og gjere nytt krav på makta i Noreg. Ifølgje Snorre syner Tryggvason seg i ein draum og oppfordrar Heilag Olav til å ta tilbake kongeverdet «som Gud har gitt» han. Dermed slår Olav frå seg tankane om å bli munk i Jerusalem, og takkar nei til kong Jaroslavs tilbod om kongsmakt over Bulgaria.

Olav Haraldsson – kongen av Bulgaria. Då hadde norsk historie sett ganske annleis ut ...

Helgen. For ein alminneleg protestant frå Sunnmøre er det unekteleg litt underleg å lese om helgenkåringa av Olav Haraldsson når ein har vore igjennom mesteparten av sagaen om han. Samtidig er det kanskje litt for lettvint å ty til utdrag som det følgjande for å trekke Heilag Olavs helgenglorie i tvil: «Han ransakte nøye om hvordan folket holdt kristendommen. Der han fant mangler, lærte han dem den rette tro. Han la så sterk vekt på det at dersom noen ikke ville gi opp hedendommen, viste han noen ut av landet. Noen lot han miste hånd eller fot, eller lot stikke øynene ut på dem. Noen lot han henges, noen ble halshogd. Ingen som ikke ville tjene Gud lot han være ustraffet.»

Som ein eldre kollega av meg ville sagt: Dette var barske tider. Og dagens nøkterne protestantar hadde vel neppe hatt så gode vekstvilkår utan Heilag Olavs brutale sverdmisjon.

Pilegrimsmål. Samtidig skal vi merke oss at det kanskje kom endå meir fart over kristninga av landet då Olav gjekk ned for teljing og den lokale biskop Grimkjell kåra han til helgen eit år etter det famøse fallet på Stiklestad. Etter kvart vart Nidaros vart eit pilegrimsmål for truande over heile Europa.

Såleis er Olav viktig for både Noreg og kristendommen si historie. Og Trond Giske kunne erklære Olavfestdagane 2009 for opna.

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Mer fra: Kommentar