Idrett og alkohol
ALKOHOL: Håndballforbundet brukte 250 000 kroner på alkohol på Handballtinget. Når vi alle veit at mange barn lir under andre sin alkoholbruk, så burde absolutt alle idrettssamlingar og idrettsarenaer vere alkoholfrie.
IDRETT: – Takk til lokale handballklubbar og andre idrettslag som sel velsmakande norske alkoholfrie drikkar som dugnadsvarer. På bildet: Håndball-VM i 2023.
Beate Oma Dahle
I mange rundar ulike stadar i landet er det gjentakande diskusjonar om korleis ein skal ha - eller ikkje ha - alkoholservering på idrettsarenaer. I andre samanhengar er det dette med alkoholservering for frivillige i idrettsverda som vert diskutert. Sist no i sommar i samband med at Håndballforbundet hadde brukt 250 000 kroner på alkohol på Handballtinget.
Treng ein alkohol?
Fleire handballklubbar har reagert på denne pengebruken. Dei fleste klubbane har mange dugnadar og dugnadstimar for å få midlar til å drifte aktivitetane lokalt. Handballklubbane sel gjerne drikkevarer på dugnad, men desse er sjølvsagt utan alkohol. Så er det store spørsmålet: Treng ein alkohol når idrettsfrivillige skal møtast til storsamlingar?
Bestill abonnement her
KJØP