Nyheter

Grav opp skamma!

Spora etter slaveri på norsk jord under krigen blei gravde ned i Stalin-frykt. Det er på tide å grave dei oppatt.

9. april 1940 blei Noreg tatt på senga. Styresmaktene hadde oversett faren frå den tyske krigsmakta. Vi fekk fem år med krig og viktige historier om heltemodig motstand.

Men då krigen var slutt, blei det aldri teke noko politisk oppgjer med passiviteten på slutten av 30-talet. Statsminister Johan Nygårdsvold blei dytta til sides som syndebukk – og så bar det i gang med Einar Gerhardsen og gjenreisinga.

LES MER: – I år innser jeg at det er nødvendig å friske opp erfaringene fra 1940, skriver Erling Rimehaug

Mykje av det som hadde hendt under krigen blei også feia under teppet. Vi fekk eit rettmessig og tidvis omdiskutert oppgjer med landssvik. Men vi fekk aldri noko oppgjer med eit omfattande ­okkupantsamarbeid – bortsett frå den skammelege hundsinga av «tyskarjenter». Seksuelt samkvem med okkupantmakta var «dødssynd». Økonomisk samkvem blei derimot i praksis sett på som viktig for etterkrigstida.

Historiske skamplettar blei like godt grave ned i freds- og framtidsrusen i 1945. Det var best å sjå framover.

LES MER: Fortsatt ikke lei av 2. verdenskrig

Sjå bakover

75 år etter krigsutbrotet og 70 år etter fredsåret er det god grunn til å sjå bakover. For 20 år sidan avslørte Bjørn Westlie korleis norske jødar, deportert med hjelp av norsk politi, blei finansielt plyndra av nordmenn under krigen. Avsløringa førte til jødebuoppgjeret tre år etterpå.

I år har han spadd fram ein tung arv frå bygginga av Nordlandsbana, i boka Fangene som forsvant. NSB samarbeidde med okkupantmakta og brukte tusenvis av sovjetiske krigsfangar. NSB fekk etter krigen god hjelp til å gøyme sin del av den tragiske historia om slaveri på norsk jord.

LES SAKEN HER: NSB godkjente slavearbeid

Det verkelege oppgjeret med naiviteten frå 30-talet kom i 1949 då Noreg slutta seg til NATO, i redsle for ei kommunistisk militærmakt i aust. Det var ei velgrunna avgjerd. Men den raude faren sette verkeleg fart i å grave ned skamplettar og vanære sovjetiske krigsfangar.

I 1946 hadde regjeringa, kanskje motvillig, sagt ja til at ein kommisjon skulle undersøkje lagnaden til dei sovjetiske krigsfangane – 13.000 hadde døydd. Men etter kvart som Stalins stormaktsambisjonar steig, vart den norske redsla for å finne ut kva som faktisk hadde hendt, større.­ Regjeringa blei livredd for å svare på kor mykje krigsfangane hadde gjort, av frykt for erstatningskrav. Westlie gjev oss ei framstilling av ei etter kvart skammeleg nedvurdering av eit «russarårsverk». Det blei framstilt som dei knapt hadde gjort noko som helst. At tusenvis døydde for oss av svolt og kulde, vart farleg kunnskap. Sovjet gav opp spørsmåla.

LES MER: Krigen har ikke gjort oss til bedre mennesker

Ikkje fred

Men dei døde fekk ikkje fred. Sovjetiske representantar ville i 1949 overta stellet av forfalne graver. Forsvaret frykta, eller spreidd frykta, for at det sovjetarane kom for, var å drive spionasje i nettverk rundt gravplassane.

Vi som ikkje opplevde den spente tida, slit med å førestelle­ oss atmosfæren i nord. Men å lese historia om kva det offisielle Noreg gjorde med gravplassar etter sovjetiske krigsfangar, er så skamfullt at det knapt er til å halde ut. Gravarar frå Statens Vegvesen – som sjølv hadde brukt krigsfangar til vegbygging – vart sette inn i Operasjon Asfalt. Gravene på 88 gravplassar i Nord Noreg skulle flyttast til ei massegrav på Tjøtta.

Nattetid, medan folk sov, tok gravarane seg på offisielt ærend inn på gravplassane. Restane etter fangane blei lagt i sekker det hadde vore asfalt i. Gravarane fekk 50 kroner for kvar hovudskalle, og i ein del tilfelle låg resten av kroppane igjen.

På Hestbrinken i Saltdal blei 682 døde fangar gravlagde i september 1945. Soknepresten understreka i talen at det var ei «æressak å verne om og hegne om deres hvilested». Dei orda var ikkje mykje verd då redde norske makter sende gravarar frå Vegvesenet ut med asfaltsekker.

På Bjørnelva hadde fangar som overlevde, reist ei støtte over dei døde. I 1951 sprengde ein norsk offiser minnesmerket, fordi det var «så uhyggelig» for turistar å sjå eit monument over russarar.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Borte

Spor etter spor er borte.­ Ingen av stadene der sovjetiske­ krigsfangar vart haldne som slavar under bygginga av Nordlandsbana, er freda. NSBs slave­arbeidarar vart, som Westlie påpeikar, gløymde fordi det passa­ slik. Det finst framleis spor langs Nordlandsbana. Mykje av det som blei grave ned i fredsrus og Stalin-frykt kan gravast oppatt. Det er ikkje for seint. Men det hastar.

Tyske krigsgraver i Saltdal vel velstelte. Det er ikkje til å leve med at vi framleis har grave ned ein skamfull del av krigshistoria. Det er tid for å grave skamma oppatt, ta oppgjer med slaveriet og ære dei døde.

Diskutér på verdidebatt.no!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter