Fattig og lukkeleg

Folk flest vil ikkje leva enklare. Dei vil ha meir av alt. Fordi dei treng det.

– Før i dag har ikkje min gut visst at der finst ungar som må pusta lenge i ein pose med lim for å få sova, skriv Ann Kristin van Zijp Nilsen.
Publisert Sist oppdatert

Med eitt sit han der på parkbenken ved sida av meg. Hendene er svarte av skokrem, men ikkje så svarte som den strie luggen. Kleda er skitne av gatelivet her i Quito, kinna brende av Andesfjell-sola. «Lat meg få pussa skorne Dykkar», ber guten.

Liknar sonen min

Eg har sett mange slike gutar tidlegare, men då var eg ikkje mor. Han liknar på sonen min, som sit på andre sida av meg. Før i dag har ikkje min gut visst at der finst ungar som må pusta lenge i ein pose med lim for å få sova. Den andre guten har visst det lenge. Samstundes er han tøff, sjarmerande og kul. «Kjøp mat til meg», foreslår han når eg fortel at tøyskorne våre ikkje kan pussast.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS