Ei heilag, digital kyrkje

Ei ukritisk digitalisering vil trivialisere kyrkja, meiner Erik Hillestad. Men ei tilsvarande ukritisk avvising av digitalisering står i fare for å neglisjere kyrkja sitt diakonale ansvar.

«På enkelte område kan digitale fellesskapar faktisk vere langt betre enn dei me har i ei fysisk kyrkje», skriver teologistudent Aksel Johan Lund i eit svar til Erik Hillestad.

Aksel Johan Lund

Teologistudent

I eit innlegg i Vårt Land laurdag 28. november kjem leiar av Kirkelig Kulturverksted, Erik Hillestad, med ei kraftig åtvaring til kyrkja om dei potensielle farane ved den auka digitaliseringa av hennar verksemd under koronapandemien. Sosiale medier beskriv han som «nådeløse, overflatiske, avhengighetsdannende, porøse og et energi-sug som skaper vinnere og tapere». Kyrkja, derimot, må tilby «tilhørighet, kroppskontakt, nåde, mysterium og frigjøring», noko han meiner ikkje er mogleg å gjere digitalt. Hillestad vedgår at kyrkja må vere til stade i det digitale, men han synest å meine at dette digitale nærværet må vere av ein annan karakter enn den fysiske kyrkja.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS