Dramatisk å nekte kvinneprestmotstandarar i Dnk

Viss kyrkja stengjer vegen for kvinneprestmotstandarar, vil det vere det same som å stemple dei som vranglærarar. Så alvorleg har eg og dei andre biskopane ikkje tenkt at dette spørsmålet er.

Halvor Nordhaug

Biskop i Bjørgvin

Fleire konfirmantforeldre i Sogndal, og mange andre i Bjørgvin, har blitt opprørte over at ein prest, Mikael Bruun, ikkje er tilhengar av kvinnelege prester, og at han heller ikkje vil gjere presteteneste i ei gudsteneste saman med ein prest som er kvinne. Eg er samd med desse foreldra i at kvinner og menn skal ha lik tilgang på alle tenester og tillitsverv i kyrkja vår. I dag er da også stoda eintydig slik at Den norske kyrkja seier eit rungande JA til kvinners presteteneste. Talet på kvinnelege prestar aukar jamt, og i bispekollegiet er allereie halvparten kvinner. Denne utviklinga er gledeleg!

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP