Både Moxnes og Ottosen er bibeltru
Å tolka Bibelen er ei samansett øving. Difor kan både Halvor Moxnes og Espen Ottosen si lesing av Bibelen seiast å vera «bibeltru».
Korleis skal vi forstå Bibelens tekstar om samliv og homofili? Teologane Halvor Moxnes og Espen Ottosen leser Bibelen forskjellig. Universitetslektor Andrew Wergeland meiner begge si lesing kan vera rett.
Caroline Teinum Gilje
Andrew Wergeland
Universitetslektor i hebraisk og Det gamle testamente ved MF
I veka som var kunne me lesa innlegg av både Halvor Moxnes og Espen Ottosen der ordet «bibeltru»/«bibeltruskap» var eit viktig omgrep. Sidan Bibelen er rekna for å vera Guds ord i kyrkja, vil dei fleste av oss gjerne vera bibeltru. Men kva vil det seia?