Analyse

Dette må den nye regjeringa løyse

KREVJANDE: Jubelbrølet etter valnatta tek fort slutt. For uansett kven som sit ved kongens bord når støvet har lagt seg, er lista med utfordringar dei må løyse både lang og krevjande.

Denne artikkelen er ein analyse av eit sakskompleks. Analysen står for skribentens rekning.

Vi veit foreløpig ikkje kven som vinn valet, men målingane har peika tydeleg mot regjeringsskifte gjennom heile valkampen. Og om vi enno ikkje veit sikkert kven valvinnarane blir, så veit vi ein god del om kva oppgåver dei får i fanget når seiersrusen er over.

Fleire unge er uføre

Det er ei utfordring i seg sjølv at Noreg har fått 42.000 fleire uføre sidan 2015, men ei spesielt stor bekymring for den neste regjeringa vil nok vere at meir enn ein tredel av desse er under 35 år. For denne gruppa har veksten i talet på uføre vore på heile 65 prosent over dei siste fem åra.

Samstundes viser ei undersøking frå Statistisk sentralbyrå (SSB) at utviklinga i realløn for dei som går på uføretrygd, har vore negativ dei siste åra. Tala viser også at blant dei som er uføre, så er det dei under 35 som får størst del av inntekta si frå trygd, og som har lågast samla inntekt.

Talet på dei som risikerer å gå direkte frå skulegang og inn i varig fattigdom på grunn av uføre, er med andre ord i dramatisk vekst.

Fleire barn veks opp i fattigdom

Det er ein myte at dåverande SV-leiar Kristin Halvorsen under valkampen i 2005 hevda at barnefattigdomen kunne fjernast med eit pennestrøk. Men det som er sant, er at barn som veks opp i fattige familiar har vore ei hovudpine for vekslande regjeringar i minst to tiår no.

I 2005 levde 6,7 prosent av barna i Noreg i det som i statistikken heiter hushaldningar med vedvarande låginntekt. I 2019 var talet 11,7 prosent, og stigninga har vore jamn år for år, uavhengig av kven som har styrt landet.

Om fattigdomen held fram med å vekse med dei raud-grøne ved makta, så blir dette vanskeleg å forklare for dei partia som løfta fram sosial utjamning som viktigaste sak i valkampen. Spørsmålet er om dei har funne nokon nye, betre løysingar sidan dei sist sat med makta.

Fleire står i kø til psykisk helsevern

Treng du hjelp frå psykisk helsevern i dag, må du som vaksen i gjennomsnitt vente i 47 dagar. Men det er store skilnadar mellom helseregionane. Barn og unge som fekk behandling i august i år i Helse Midt-Noreg, hadde i gjennomsnitt venta i heile 83 dagar.

Fram til 2020 var trenden ein svak nedgang i ventetida, men i år går tala på nytt oppover. Den siste veksten kan truleg knytast til koronapandemien, men heller ikkje før 2020 lukkast regjeringa med å nå sitt eige mål om ei maksimal ventetid på 45 dagar for vaksne, og 40 dagar for barn og unge.

I juni i år kom riksrevisjonen med ein rapport som blant anna viser at mange med psykiske plager ikkje får hjelp når dei treng det, og at ungdommar som har både psykiske lidingar og rusproblem, ikkje får god nok behandling.

Færre som jobbar for kvar pensjonist

I løpet av stortingsperioden vi no går inn i, vil talet på alderspensjonistar i Noreg truleg passere éin million. Framskrivingane til SSB viser likevel at den mykje omtala eldrebølgja framleis let vente litt på seg.

I dag er det om lag tre personar i alderen 20 til 66 år for kvar som er 67 år eller eldre. Dette tilhøvet har vore jamt fallande sidan 2010, men sidan helsa til dei eldre stadig blir betre, og sidan fleire står i jobb lenger, så har det foreløpig ikkje vist igjen i budsjetta.

Men det vil snu. I 2060 vil tilhøvet mellom yrkesaktive og pensjonistar vere om lag to til ein. Ei av dei viktigaste oppgåvene for den påtroppande regjeringa blir å bu oss på dei aukande kostnadene vi veit vil komme som følgje av dette.

Og det byrjar å haste – SSB spår at kostnadane for alvor vil byrje å vise seg mot slutten av dette tiåret. Det kan vere krevjande for ei ny regjering som kjem inn med ei lang liste vallovnadar i lomma, å sjå så langt framover. Men kanskje er det den same regjeringa som framleis sit der i 2029, og då vil all utsetjing av problemet dei første åra komme tilbake og heimsøke dei.

Det økonomisk handlingsrommet minkar

Sjølv om eldrebølgja ikkje skyl over oss med det same, vil den nye finansministeren fort merke at det er mindre å rutte med no enn i tidlegare periodar. Ifølgje Finansdepartementet har den årlege veksten i statens inntekter i perioden 2011–2019 vore på om lag 30 milliardar kroner. For resten av tiåret vi no er inne i, vil denne veksten berre vere om lag halvparten.

Det betyr at det meste av inntektsveksten kjem til å bli spist opp av automatisk aukande utgifter, knytt til befolkningsvekst, lønsutvikling og aukande pensjonsforpliktingar. Då blir det mindre att til gode løfter, som gratis tannhelse eller auka løn til bøndene.

Ambisiøse klimamål, kort tid

Noreg har under Parisavtalen teke på seg ei forplikting om å redusere utsleppa av klimagassar med minst 50 prosent i 2030 samanlikna med 1990. Så langt har vi klart å kutte i underkant av fire prosent, og vi har berre åtte år igjen.

Årets valkamp har vist at det blir viktigare og viktigare for veljarane at partia faktisk tek desse forpliktingane på alvor. Evna til å levere reelle utsleppskutt dei næraste åra kan bli avgjerande for om den nye regjeringa overlever neste val — særleg om fenomen som tørke, flaum og ekstremvêr held fram med å fylle nyheitsbildet.

Og kva med olja? Regjeringa Solberg la att ei potensiell bombe i dei komande regjeringsforhandlingane, då dei presenterte eit heilt nytt skatteopplegg for oljenæringa midt i valkampen. Kor stort sprik mellom lovnader og realitet kan valvinnande grøne parti på venstresida leve med?

Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Analyse