Meninger

Biskopen som gjekk i front for nynorsken

Han stod bak Bibelen, salmeboka og den 
kyrkjelege liturgien på nynorsk. 150 år etter ­fødselen må Peter Hognestad få den plassen i historia som han fortener.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Når tidenes jærbu skal kårast, er det kanskje Arne Garborg som ligg best an. Forfattaren og redaktøren frå Time kommune på Jæren konkurrerer ut både Janove Ottesen i Kaizer Orchestra og bilethoggaren Fritz Røed. Det finst likevel ein annan kandidat frå Time som Garborg ein gong skreiv til og sa: «Du gjer her meir gagn enn alle me andre.» Mannen var Peter Hognestad, bondesonen som seinare skulle bli biskop i Bjørgvin.

Hognestad, som var biskop frå 1916 til 1931, har på mange måtar stått i skuggen av Garborg, slik han også har stått i skuggen av Anders Hovden og Elias Blix. Han var ikkje ein like stor diktar som desse. Like fullt er det han som har omsett ein av dei vakraste julesongane eg veit om, «Det hev ei rose sprunge», til norsk. Også «Fager kveldssol smiler» er omsett av Hognestad, til sams med fleire andre salmar i salmeboka.

LES OGSÅ: Edda er litteratur for vår eiga tid

Bibelen på nynorsk

Men Hognestad gjorde så mykje meir. I mange år var han lærer på Menighetsfakultetet, og underviste i Det gamle testamentet. Før dette var han «målprest» i hovudstaden, og ein særs viktig person i utforminga av nynorsk som ­religiøst språk. Ikkje minst stod han heilt sentralt i å forme den kyrkjelege liturgien på nynorsk – eller landsmål, som det heitte då – på byrjinga av 1900-talet. Hognestad var den første norske presten som heldt gudsteneste på målet. Og han var hovudredaktør for den første fullstendige utgåva av Bibelen på nynorsk, den såkalla «Fyrebilsbibelen» eller Studentmållagbibelen som kom i 1921.

Som om ikkje dette var nok, var han også ein av tre redaktørar for Nynorsk salmebok som kom ut fire år seinare; dei to andre var Anders Hovden og Bernt Støylen.

Peter Hognestad var med andre ord ein uhorveleg viktig person i den nynorske språkreisinga. Han var inspirert av nynorsksalmane til Elias Blix, men også av Martin Luthers vektlegging av folkespråket som fundament for folkevekkinga. Luther ­omsette sjølv Bibelen til tysk, noko som var med å rydde grunnen for ­reformasjonen. Først med Hognestad kunne landsmålet i Noreg ta opp i seg eit fullblods bibelsk språk, slik Bibelen først no fanst å lese i sin heilskap.

LES OGSÅ: Av 1.317 annonser var én på nynorsk.

Populær

Kvifor er ikkje ­Peter Hognestad meir kjent i dag? Han var både svært respektert og godt likt i si samtid. Rett nok var det kanskje ikkje alle i Bergen, der han hadde sete som biskop, som var like begeistra for målsaka hans. Men i distrikta rundt var han ein populær mann, og han vann respekt for saka, som dei fleste andre saker, også hjå ­meiningsmotstandarane sine.

Årsaka ligg kanskje i Hognestads rolle som bakmann i arbeidet for å gjere nynorsken til eit kyrkjeleg og bibelsk språk. 150 år etter at han vart fødd, ­lever nynorsken i beste velgåande, slik den nyaste bibelutgåva til Bibelselskapet heilt naturleg kom ut både på bokmål og nynorsk på same tid. Spora etter Hognestad er tydelege, sjølv om mannen ikkje er blitt halden like høgt i folkeminnet som ein Garborg eller Hovden.

Historia om Peter Hognestad er historia om ei viktig tid for den nynorske språkreisinga, for kyrkja og det nynorske kyrkjespråket.

Første biografi

Peter Hognestad har ikkje eingong hatt sin eigen biografi. Dette er det slutt på frå og med førstkommande torsdag. Då kjem Per Halse, førsteamanuensis i religion, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda, med boka Peter Hognestad. Språkstrid og heilag fred, og gir såleis Hognestad den merksemda han fortener. Boka kjem også ut i rette tid, berre ei dryg veke før 150-årsjubileet skal feirast med ei rekke tilskipingar i Time på Jæren.

Halse fortel om ein mann som var svært produktiv og som såg på utfordringar og oppfordringar som eit uttrykk for Guds vegleiing. Arbeidsmoralen hadde bondesonen med seg heimanfrå, slik Halse skriv i boka: «Bonden vert aldri ferdig. Det er alltid meir å gjere – på bygningar, beite, veiter og slåttemark. Peter Hognestad hadde hatt store oppgåver i livet. Han syntest det var betre å ha det annsamt enn å vere gjerandslaus.»

KOMMENTAR: Ja til meir åtgaum!

Viktig tid

Historia om Peter Hognestad er historia om ei viktig tid for den nynorske språkreisinga, for kyrkja og det nynorske kyrkjespråket. 150 år etter fødselen hans – og 100 år etter at han blei den første reinspikka nynorskbiskopen – er det på tide å gi Hognestad honnør for arbeidet.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Meninger