Skal kristne la muslimane vere i fred?
Misjon eller ikkje det er spørsmålet, skriver Astrid Dalehaug Norheim i en kommentar.
På den andre sida av Nordsjøen førebur Church of England seg no på ein debatt om det er riktig å misjonere for muslimar og andre religiøse grupper. Får vi snart same debatt i Noreg?
Spørsmålet i England kjem opp på neste møte i generalsynoden for den anglikanske kyrkja. Det skal vere ei frykt for at prestar dyssar ned kyrkja si tradisjonelle misjonerande rolle i eit samfunn der ei rekkje religionar lever side om side.
Biskopen av Rochester, Michael Nazir-Ali, åtvara tidlegare i år mot at kyrkjeleiarar hadde gått for langt i å vere forsiktige i møte med muslimar, og at dei ikkje gjorde nok for å spreie Guds ord.
Bestill abonnement her
KJØP