Konfarvel
I desse haustmånadane får titusenvis av spente konfirmantar nærkontakt med kyrkja. Til våren er det farvel, skriver Astrid Dalehaug Norheim.
Tenk følgjande situasjon: Kvart år får Google eller McDonalds tilgang til over 40.000 norske fjortenåringar i eitt år. Mange treff dei kvar veke. Dei reiser på tur, leir og lagar treffpunkt med dei. Er det truleg at dei knapt såg snurten av dei etter at året var omme?
I haust togar eit nytt konfirmantkull inn i kyrkjene. Desse søndagane i september vert fjortenåringane presenterte for kyrkjelyden, stolte foreldre og urolege småsøsken. I eitt år skal dei ha intravenøs kontakt med folkekyrkja. Dei skal lære, lytte og oppleve og nokre vil kanskje få ein ny smak på kristentrua. Mange skal på leir, reise på tur, lære nye songar, gå på gudstenester, opptre for kyrkjelyden og lære litt om Jesus og sånn.
Store ressursar. Talet på konfirmantar sank for nokre år sidan, men trenden har snudd. Vi veit at det var 42.472 unge som vart konfirmerte i fjor. Men kor mange av dei er i kyrkja i år? Neste år? Om fem år?
Bestill abonnement her
KJØP