Ut av kottet

– Vi har verdas viktigaste jobb, sa den amerikanske barne­pastoren Sue Miller til 1.500 norske barneleiarar i vår. Det kan sjå ut som meldinga har nådd dei som styrer pengesekken, skriv Astrid Dalehaug Norheim.

Publisert Sist oppdatert

Eit kvart sommarstevne, bibelcamping eller årsmøte med sosiale antenner tilbyr aktiviteter til borna. Dei småe sparker fotball, bader, går på skattejakt eller klatrer i hinderløyper når dei vaksne skal på møte.

Mange som har vore innom kristne stevner dei siste somrane vil kanskje kjenne seg att i mitt møte med ein bibelcamping i sommar.

Feriane våre pleier leggje seg slik at vi har høve til å stikke innom bibelcampingen i Lyngdal. I fjor smatt vi oss under teltduken nokre føremiddagar for å gå på barnemøte. Eg og dei to småe borna sat på vaklevorne møtebenker og lytta til andakt og song. På bakerste benk sat foreldrene. Vi gjekk inn og ut att.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP