Velfortent påskeskryt til NRK

NRKs påskestoff treff openbert eit behov hos folk.

Påskedekning NRK
VELFORTENT: Påskeskryten til rikskringkastaren for årets dekning er derfor både velfortent og betimeleg, skriv Vårt Land på leiarplass.
Publisert Sist oppdatert

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Ikkje alle kom seg til gudsteneste i påska, men veldig mange fleire fekk med seg NRKs opplysande journalistikk om påskebodskapen. Denne påska var det fleire nyhendeinnslag på NRK om det religiøse innhaldet i den kristne høgtida. «NRK tok verkeleg allmennkringkastaroppgåva si på alvor», sa mangeårig Oase-leiar Jens-Petter Jørgensen til Vårt Land. Den kjende teologen, forfattaren og forkynnaren sa treffande at «det norske folk kan ikkje ha unngått å vita kvifor me feirar dei ulike påskedagane», der han særskilt sikta til Dagsrevyens reportasjar som kvar heilagdag hadde minst eit innslag frå ulike kristne samanhengar.

Opplysande, tilgjengeleg og god

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS