Leder

Vårt Land meiner: Det kan bli ei fattigsleg politisk haustjakt for KrF

Verdidebattane i haust vil handle om truverdet og overlevingsevna til det det borgarlege samarbeidsprosjektet, skriv Vårt Land i onsdagens leiar-artikkel.

I dag opnar det 164. storting med ein høgtideleg seremoni. Sjølve opninga går føre seg med stram regi, ei god dose pomp og prakt og klart definerte roller. Kongen les trontalen, den yngste i regjeringa les meldinga om rikets tilstand. Straks haustsesjonen til Stortinget går i gang, vil den ferske KrF-leiaren, Kjell Ingolf Ropstad, få langt tøffare oppgåver å løyse enn å stille i finstasen i stortingssalen: Han må prove at politikken endrar seg med KrF i regjering.

Førstkomande måndag presenterer regjeringa statsbudsjettet for 2020. Dette er første budsjett forma av dei fire borgarlege partia. Og med det labre valresultatet som bakteppe, er det ingen ting som tyder på at det blir eit enkelt budsjett å leggje fram og forsvare.

Alle dei fire partia er avhengige av å kunne innkassere klare sigrar. Vi har allereie fått lekkasjar nok til å fylle fleire aviser, det blir sendt pengar til gode formål i alle retningar. Men det er ikkje i flytting av små summar til kjernesaker til kvart einskild parti at sprengstoffet ligg. Den politiske dragkampen går langt djupare. I haust kjem fleire saker opp som går rett inn i verdigrunnlaget til regjeringspartia. Og dei er slett ikkje einige. Dermed handlar verdidebattane i haust også om truverdet og overlevingsevna til det det borgarlege samarbeidsprosjektet.

Verdispørsmåla står i kø: Kva gjer vi med barna av IS-kvinnene? Korleis løyser vil forvaltaransvaret og dei aukande klimautsleppa? Kva oppgåver skal staten ta ansvar for når det gjeld å utjamne fattigdom eller å auke livskvaliteten til uføre?

Når partia vert utfordra på verdisaker, gjer kompromiss vondt. I sommar har vi sett eit aukande behov og ein overraskande aksept frå leiinga for eigenmarkeringar. Held det fram, vil intern støy ta mykje av merksemda.

Ein grundig og engasjert debatt om kva verdiar vi skal byggje samfunnet på, blir ønskt velkommen. Men får vi ein haust der leiande politikarar held fram med polariserande utspel og personangrep, bir det ei fattigsleg politisk haustjakt også for verdipartiet KrF.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder