Vårt Land: «Likskap for lova må også gjelde Trump»

Ingen fri og rettferdig rettsstat kan ta omsyn til politikk. Derfor er det rett at Donald Trump får same behandling som vanlege amerikanarar i det amerikanske rettsapparatet.

Donald Trump er tilbake på valgkampsporet mens hans rivaler i Det republikanske parti strever med hvordan de skal angripe Trump uten å fornærme kjernevelgerne til Trump. Foto: Evan Vucci / AP/ NTB
PRINSIPELT: Ettersom statsadvokaten i New York har grunn til å tru at Donald Trump har vore ansvarleg for forfalsking av rekneskap, ville det vore i strid med prinsippa om likskap for lova dersom Trump ikkje hadde blitt tiltalt, skriv Vårt Land på leiarplass.
Publisert Sist oppdatert

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

I forkant av at statsadvokaten i New York tok ut tiltale mot Donald Trump for forfalsking av rekneskap, uttalte fleire seg om korleis ein tiltale kunne påverke Trumps politiske moglegheiter. Ei utbreidd oppfatning var at ein tiltale ville styrke Trumps sjansar i kampen om å bli nominert som republikansk presidentkandidat. Derfor har fleire konkludert som den amerikanske programleiaren, komikaren og TV-kjendisen Bill Maher om at det er «ein kolossal tabbe» å tiltale Trump.

Farleg og konspiratorisk tankegang

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS