Solberg har rett i kritikken av Støres ruspolitikk
Støre-regjeringa har satt ideologi framfor framfor behova til norske ruspasientar.
KRITIKK: Høgre-leiar Erna Solberg sa til Vårt Land denne veka at «dagens regjering svikter de mest sårbare». Regjeringa burde lytte til Solberg, skriv Vårt Land på leiarplass.
Terje Pedersen/NTB
Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.
Etter avviklinga av fritt behandlingsval, har 290 behandlingsplassar til ruspasientar forsvunne. Sju rusinstitusjonar har lagt ned helsetilbodet. Fleire av desse institusjonane er bygd opp av eldsjeler som har ønska å bidra til betre rusbehandling. I utgangspunktet er ikkje dette ei veldig kommersiell grein av behandlingssystemet vårt. Høgre-leiar Erna Solberg sa til Vårt Land denne veka at «dagens regjering svikter de mest sårbare».
Vekk frå rusmiljøa