Skulane har ansvar for 22. juli-minnet

Fleire elevar enn i dag bør få lære om 22. juli-terroren. Lærarar og skuleleiarar må ta ansvar for å hindre at minnet om terroren ikkje forsvinn.

Tre ungdommer i AUF reiste fra Osterøy til sommerleieren på Utøya i 2011. Kun en av dem kom tilbake.
OVERLEVDE: Nikolas Dale Skjerping er ein av dei som overlevde 22. juli-terroren på Utøya. No lærer han norske elevar om det som skjedde. Det er på tide at skulane i større tek i bruk dei erfaringane og opplevingane, skriv Vårt Land på leiarplass.
Publisert Sist oppdatert

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

NRK fortalde førre veke om elevar på Vestlandet som no får møte overlevande etter terroråtaket 22. juli, i regi av menneskerettsorganisasjonen Raftostiftelsen og 22. juli-senteret. Mange av elevane var ikkje meir enn 4 år gamle då 77 menneske vart drepne på Utøya og i regjeringskvartalet.

Ein av dei som møtte ungdommane er Nikolas Dale Skjerping frå Osterøy. Vårt Land har tidlegare fortald historia om korleis han etter å ha overlevd massakren på Utøya kjende på ei byrde for at han overlevde, og korleis han sakna at dei lokale skulane skulle ta kontakt med han.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS