Skivebom frå Raudt
Å trekke linjer mellom masseskytinga ved London Pub og verdidokumentet til NLA Høgskolen, er skivebom. Det er også Raudt sitt forslag om å trekke statsstøtta frå utdanningsinstitusjonar partiet er usamd med.
MALPLASSERT: Raudt bør vurdere synet sitt på akademisk fridom, tanke-, religions- og ytringsfridom etter at utdanningspolitisk talsperson pressa på for å fjerne statsstøtta til NLA Høgskolen i Stortinget denne veka, skriv Vårt Land på leiarplass.
Tuva Skare
Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.
Det var onsdag denne veka under Stortingets munnlege spørjetime at utdanningspolitisk talsperson i Raudt, Hege Bae Nyholt, utfordra statsråden for høgare utdanning, Ola Borten Moe. Ho meinte at verdidokumentet til NLA Høgskolen er så diskriminerande at institusjonen bør miste 315 millionar kroner i statsstøtte.
Stortingsrepresentanten spurde Borten Moe om han ville endre verdidokumentet, eller vurdere statsstøtta. I Norge er det heldigvis slik at ein statsråd ikkje kan gå inn og detaljstyre institusjonar for høgare utdanning på den måten.