Sanksjonane må svi

Putin-regimet bør kjenne at brota på folkeretten i Ukraina får konsekvensar. Konsekvensane bør bli større for Putins indre krets enn for vanlege russarar.

President Vladimir Putins beslutning om å anerkjenne de to ukrainske utbryterrepublikkene Donetsk og Luhansk som uavhengige og å sende «fredsbevarende styrker» dit, fordømmes kraftig i Vesten. Foto: AP / NTB
SVI: Putin må kjenne at sanksjonane svir for han personleg og kretsen rundt han, skriv Vårt Land på leiarplass.
Publisert Sist oppdatert

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Dei fleste vestlege land rettar no sterke sanksjonar mot Russland, på grunn av landets aggressive framferd i nabolandet Ukraina. Sanksjonane er viktige for å vise Putin-regimet at handlingar får konsekvensar. Å teikne opp grenser for kva verdssamfunnet kan akseptere frå eit anna land, er særs viktig. Det har mykje å sei for eit lite land som Norge, som er så avhengig av at folkeretten vert respektert. Russlands handlingar bryt ned respekten for internasjonal lov.

Målretta sanksjonar

Spørsmålet er ikkje om det bør leggjast inn harde sanksjonar mot Russland, men korleis sanksjonane skal sjå ut. Foreløpig er sterke sanksjonar retta mot den russiske finanssektoren, medan mykje tyder på at den russiske energisektoren er spart. Unntaket er Tyskland si avgjerd om å stanse opninga av gassrøyrleidningen Nord Stream 2 — gass som skal komme frå Russland til tyskarane.

Dei små sanksjonane som møtte Putin-regimet etter annekteringa av Krym-halvøya i 2014, hindra ikkje utviklinga vi no ser. Det betyr at Norge og vestlege land no bør innføre sanksjonar mot Putin-regimet som svir skikkeleg.

Vårt Land

Det er viktigare å ramme kretsen rundt Putin, enn å ramme russisk økonomi. Vanlege russarar har ikkje skulda for at Russland står på trappene til krig i Ukraina. Derfor er det viktig at sanksjonane i større grad vert målretta, slik fleire menneskerettsorganisasjonar tidlegare har etterlyst. Putin-regimets viktigaste folk, stort sett menn i klikken rundt Putin, har store verdiar i vestlege bankar, eigedomar i land som Italia og Frankrike — og reiser ofte på turar til Vest-Europa for ferie eller fornøyelse. Desse moglegheitene bør dei ikkje få.

Hindra ikkje utviklinga

Putin-regimet må kjenne seg isolert og fordømt. Hittil er sanksjonane frå amerikanske og vestlege styresmakter altfor puslete, samanlikna med brotsverka mot folkeretten som Putin er i ferd med å gjere seg skuldig i. Dersom handlingane hans ikkje får konsekvensar, er det sannsynleg at han berre vil halde fram. Anerkjenninga av opprørsområda aust i Ukraina er sannsynlegvis eit steg i ein trinnvis plan om å ta større delar av Ukraina. Dei små sanksjonane som møtte Putin-regimet etter annekteringa av Krym-halvøya i 2014, hindra ikkje utviklinga vi no ser.

Det betyr at Norge og vestlege land no bør innføre sanksjonar mot Putin-regimet som svir skikkeleg.


Powered by Labrador CMS