På vakt for propagandaen
Russland driv eit kynisk spel om Ukraina. Ingen bør la seg lure av propagandaen og ty til såkalla whataboutism.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.
Dei siste åra har Russland bygd opp eit stort nettverk av medieorganisasjonar, såkalla tenketankar og ulike nettstader. I fellesskap bidreg desse til å formidle bodskapen som det russiske regimet ønsker å nå ut til verda med. Hensikta er å støtte opp under dei strategiske interessene til president Vladimir Putin.
Det er utstrakt bruk av desse metodane frå det russiske regimet knytt til faren for at Russland skal angripe Ukraina. Russiske styresmakter seier konsekvent at dei ikkje har planar om å invadere, og ristar tilsynelatande på hovudet av at vestlege medier og styresmakter seier det. Likevel held styrkeoppbygginga langs grensa til Ukraina fram – og deltek i samtalar om ei nedskalering av konflikta. Det er direkte motstrid mellom det Putin-regimet seier, og det dei gjer.
Forvirring og villeiing
Forvirring er ein kjend taktikk russiske og sovjetiske styresmakter har brukt gjennom fleire tiår. På den måten er det mogleg å halde sanning, fakta og saker skjult. Til dømes annonserte det russiske forsvarsdepartementet i går, at militærøvinga russarane har helde på Krim-halvøya no er avslutta. Vi fekk sjå bilete av russisk militærmateriell som vart sendt tilbake til Russland. Samstundes kunne vestleg etterretning melde om at styrkeoppbygginga langs grensa til Ukraina heldt fram, slik den har gjort i fleire månader no.
Alle bør vi vere på vakt for propaganda, enten det kjem frå russarar eller andre. Likevel er det all grunn til å tru at dei som spreier propaganda om Ukraina no, held til i Kreml.
Vårt Land
Onsdag morgon fekk vi meldingar frå russiske styresmakter og pro-russiske opprørar i Aust-Ukraina om at ukrainske regjeringsstyrkar hadde angripe opprørarane med tunge våpen. Ukraina nekta for at noko slik var fakta. Slik dannar russarane grunnlag for å angripe, akkurat slik lekkasjane frå amerikansk etterretning har førespegla.
Forskjell på løgn og fakta
Ein del seier at krigen om Ukraina akkurat no er ein propagandakrig, som om det er to likeverdige partar som strir med same våpen. Det må ingen tru på. Det er såkalla whataboutism – eit kjend omgrep for å likestille to syn som ikkje er likeverdige. Russarane spreier desinformasjon og propaganda, nesten heilt konsekvent. Vestlege land har eit styresett bygd på transparens, demokrati og langt meir pålitelege kjelder. Det er all grunn til å tru at informasjonen som kjem frå amerikansk etterretning om Ukraina er bygd på fakta. Det er ikkje den som kjem frå russarane.
Alle bør vi vere på vakt for propaganda, enten det kjem frå russarar eller andre. Likevel er det all grunn til å tru at dei som spreier propaganda om Ukraina no, held til i Kreml.