Norge treng meir energi
Naturvernforbundets påstandar om at Norge ikkje treng meir energi, er fjernt frå verkelegheita.
MEIR: Med klimaendringane vi ser rundt oss no, treng vi handlekraft og fart over i eit heilt fossilfritt og fornybart samfunn. Då treng vi alle delane av verktøykassa; meir energisparing, meir effektivisering og meir utbygging av fornybar energi, skriv Vårt Land på leiarplass.
Terje Bendiksby/NPK
Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.
Nyleg sa olje- og energiminister Terje Aasland at vi står framfor ei formidabel kraftutbygging i Norge. Til avisa Telen sa Aasland mellom anna at vi skal vere klar over at dagens energiproduksjon faktisk er 2/3-delar av det vi treng innan 2040. Aasland kom med utsegna i tilknyting til ei planlagd utbygging av det verna vassdraget Mella. Det har fått Naturvernforbundet til å frykte at sårbar natur skal måtte tape mot vindmøller og rørlegging av elver, som førte til ei pressemelding med tittelen «Vi trenger ikke mer energi» førre veke.
Litt for enkelt