Det nyttar å kjempe

At Miljødirektoratet sat ned foten for firefelts motorveg over Lågendeltaet, viser at miljørørsla kan vinne naudsynte kampar. Det fortener honnør.

Valg 2021
VENDEPUNKT: I Nasjonal transportplan er det mange prosjekt der natur står opp mot utbygging, utan at konsekvensane av å bygge ned urørt natur har fått stor nok plass i debatten om samfunnsmessige konsekvensar. Vedtaket om Lågendeltaet bør bli eit vendepunkt for naturvern i Norge, skriv Vårt Land på leiarplass.
Publisert Sist oppdatert

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Måndag morgon melde Miljødirektoratet at dei set ned foten for firefelts motorveg over Lågendeltaet naturreservat ved Lillehammer. Lenge frykta mange naturvernarar at verdifull natur skulle gå tapt. Vedtaket kom same dag som FN-konferansen COP15 i Montreal vart samde om ei historisk naturavtale for å beskytte verdas land og hav dei neste tiåra. Det var ei stor gåve til klodens born.

Ikkje alle hadde trudd soga om Lågendeltaet skulle ende slik.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS