Motvillige
entreprenørar
Regjeringa ønskjer meir entreprenørskap blant kunstnarane. Sjølvforståinga til kunstnarane er heilt annleis.
Onsdag fekk kulturminister Thorhild Widvey (til høgre) den mykje omtalte utgreiinga om kunstnarøkonomi. Utgreiingsarbeidet, leia av Vigdis Moe Skarstein, vil danne eit viktig grunnlag for regjeringa sin kommande kulturpolitikk.
Terje Pedersen/NTB scanpix
Onsdag fekk kulturminister Thorhild Widvey den mykje omtalte utgreiinga om kunstnarøkonomi i hendene. Utgreiingsarbeidet, leia av Vigdis Moe Skarstein, vil danne eit viktig grunnlag for regjeringa sin kommande kulturpolitikk. Ikkje for det: Kulturministeren har gitt tydelege signal om kva slags retning ho går i. Ønsket frå regjeringshald er å utvikle ein kunstnarpolitikk med større vekt på etterspurnad og næringspotensial. Dei ønskjer at private pengar i større grad skal finansiere kulturlivet og dei ønskjer seg meir entreprenørskap blant kunstnarane.
Problemet er at ein del av desse ønskja står fram som ønskjedraumar. Kunstnarar er ikkje entreprenørar. Og dei fleste er primært opptatt av å jobbe med kunstnariske utfordringar.
LES OGSÅ: – Entreprenørskap kan ta livet av kunstneren