Elska og utskjelt
Statens kunstutstilling, også kalla Haustutstillinga, er eldre enn parlamentarismen. Og ho har framleis ein demokratiserande effekt.
I morgon opnar Haustutstillinga, eller Statens 127. Kunstutstilling, på Kunstnernes Hus i Oslo. Utstillinga blei i si tid starta i protest mot borgarskapet som rådde grunnen i den etablerte kunstforeininga, Christiania Kunstforening. Ikkje ein einaste kunstnar sat i det mektige styret som sørgde for innkjøp og utstillingar i hovudstaden. Det var ikkje rart at kunstnarane tok sitt eige initiativ: Dei ville sjølv vere med på å bestemme i kunstnariske spørsmål.
Den første utstillinga blei arrangert i 1882, altså to år før parlamentarismen tredde i kraft i Noreg. 25 kunstnarar viste fram verka sine, blant andre Christian Krogh. Mange har sett det kjente portrettet av Johan Sverdrup, der ansiktet og hendene til Sverdrup trer fram i kontrast til dei intense svartfargane i resten av maleriet.
To år seinare blei Sverdrup Noregs første statsminister. Haustutstillinga var blitt til i protest mot det etablerte, men ikkje i større protest enn at styresmaktene kom inn med pengar. Utstillinga blei Statens kunstutstilling. I år er det altså den 127. i rekka.