Zelenskyj-biograf fortel om maktkamp i Ukrainas toppleiing
KRIGEN I UKRAINA: Forsvarssjefen i Ukraina fekk sparken for at ikkje usemja i toppen skulle destabilisere nasjonen ytterlegare. – Zelenskyj er opptatt av at verda skal tru at ukrainsk siger er mogleg, seier journalisten og forfattaren som kom på innsida hos den ukrainske presidenten i krigstid.
PÅ INNSIDA: Simon Shuster har intervjua Volodymyr Zelenskyj fleire gonger før og i løpet av krigen. Han er forfattar av boka «Spilleren. På innsiden av invasjonen som rystet verden og gjorde Volodymyr Zelenskyj til en leder».
Erlend Berge
– Zelenskyj riggar seg for ein ny militærstrategi, seier Simon Shuster.
Den russisk-fødde amerikanske journalisten og forfattaren har rapportert frå Russland og Ukraina i 17 år, mest for det amerikanske nyhendemagasinet TIME, og har møtt president Volodymyr Zelenskyj fleire gonger både før og etter Russlands invasjon i Ukraina for to år sidan. Shuster kom nyleg ut med boka Spilleren. På innsiden av invasjonen som rystet verden og gjorde Volodymyr Zelenskyj til en leder, som også er omsett til norsk.
– Den ukrainske presidenten snakkar no om «aktivt forsvar». Frontlinja mot dei russiske styrkane er statisk, utan mykje rørsle og store gjennombrot. Den ukrainske hæren utfører i staden mange angrep med dronar og rakettar som kjem djupt inn på russisk territorium, forklarer Shuster til Vårt Land under eit besøk i Oslo.