Vil bremse akselerasjonen i livet ved hjelp av nattverden
KYRKJE OG SAMFUNN: Sokneprest Roger Jensen vil at vi skal tenke nytt om nattverden. Han vil at kyrkjerommet skal vere ein stad kor livet kan gå saktare.
GUDSFRYKT: Eller Ærefrykt er det Sokneprest Roger Jensen kallar møte med den store verda.
Sindre Deschington
I Oslos eldste ståande bygg, Gamle Aker kyrkje, står soknepresten Roger Jensen og tek oss imot til nattverd. Sakramentet går som normalt. Det er dei same orda, det same brødet og den same vinen. Det presten vil, er at vi skal fokusere på det større som skjer: Livet går saktare.
I verda er det mykje som hender. Det er mykje ny teknologi, stadige nyheiter og forandringar i livet. Det kan synast som om det berre går fortare og fortare utan at det er noko som kan senke tempoet. Den tyske sosiologen Hartmut Rosa kallar denne aukande hastigheita for akselerasjon.
– Rosa peiker på den stadige teknologiske utviklinga, som gjer at livet går fortare og fortare. I industri, transport, kommunikasjon. Alt går kjappare, akselererer. Men det er ikkje berre i teknologien at livet går raskare. Utviklinga i sosiale liv og sosiale forhold akselererer samstundes. Først skal ein utdanne seg, så skal ein finne seg ein livspartnar, deretter vil ein kanskje ta ei nyutdanning, for så å bli skilt. Og slik går det utan ende. Rosas poeng er at dette moderne akselererte livet nettopp ikkje er ei oppskrift på eit godt liv, seier Jensen.