Verdskjent filosof: – Gud elskar oss før vi eksisterer
FOSSEFOREDRAGET: Den franske filosofen Jean-Luc Marion er i Oslo for å snakke om skaping, litteratur og Gud. – Eksistens er berre ein konsekvens av Guds kjærleik, meiner han.
GUDS KJÆRLEIK: Den franske filosofen og teologen Jean-Luc Marion er i Oslo for å halde Fosseforedraget på Slottet. – Frå ein kristen ståstad er væren berre ein konsekvens av Guds gåve, seier han.
Sindre Deschington
Filosofen og teologen Jean-Luc Marion er ein av verdas fremste tenkarar. Han kan ikkje tenke seg ei tid utan Gud.
– Gud var aldri eit spørsmål for meg, seier Marion til Vårt Land.
– Frå eg var eit barn var Gud ein del av biletet. Han var del av den vanlege verda, så å seie.