Thorvald Steen: – Eg tenkte at eg ikkje hadde ei framtid

LITTERATUR: Thorvald Steen kjem seg ikkje lenger ut av rullestolen. Han åtvarar mot «menneskehygiene» og samfunnet si dyrking av det perfekte mennesket.

FORFATTAR MED VARSKO: – Eg drøymte at kroppen smelta, fortel forfattar Thorvald Steen om sjølvmordstankane har hadde som ung mann. I dag har han akseptert sin eigen kropp, som er bunden til rullestolen, og åtvarar mot eit samfunn som vil skape eit «reinare menneske».
Publisert Sist oppdatert

– For to og eit halvt år sidan blei eg nekta av legane å reise meg frå rullestolen, seier Thorvald Steen.

– Om eg hadde prøvd å gå, ville eg ha øydelagd alle bein i kroppen. Eg kan også falle mot golvet med hovudet først, utan å klare å ta meg for. Så no er eg nøydd til å vere her, seier forfattaren som har levd eit langt liv med alvorleg muskelsjukdom.

Steen er aktuell med essaysamlinga Min naive sjel. Om å skrive mot den bevisste glemsel og har tatt imot oss i heimen sin på Bekkelagshøgda i Oslo. Frå dagen han som ungdom trassa legane, tok sitt siste skihopp og knekte begge anklane, til dagen han ikkje lenger kunne reise seg frå rullestolen, gjekk det 50 år. Når vi påpeiker tidsspennet, verkar forfattaren nesten overraska over tida som er gått. Men han trur det finst ei linje i henne:

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS