Bøker

Taleskrivar for ministeren

Kva skjer når forfattarane skal skrive for makta? Vi snakka med leiande forfattarar i Danmark og Noreg om å vere ­taleskrivar for sentrale statsrådar.

– Eg har ingen illusjonar om at eg skal lage kunst eller at eg er fri til å skrive kva som helst. Eg skal skrive noko som ministeren vil ha.

Det seier Kaspar Colling ­Nielsen, ein av dei mest markante forfattarane i Danmark i nyare tid, og som kom på norsk i år med boka Den europeiske våren. I sommar vart det klart at han legg forfattaren på hylla. Han skal no skrive talar for klima­minister Dan Jørgensen frå Sosialdemokratiet, partiet til statsminister Mette Frederiksen.

Kvifor?

Vil lære meir

Den nye, danske regjeringa har eit klimamål med 70 prosent reduksjon av utslepp. Colling Nielsen seier det er noko av det mest positive i dansk politikk i nyare tid. Og så hadde han ein personleg grunn òg.

– Eg har vore fulltidsforfattar i ti år, meir eller mindre. Eg saknar å lære noko nytt. Eg synes eg blir litt dum av å sitte og lese og skrive.

I tillegg så meiner han at både marknaden, dei store verksemdene,­ og politikarane, tek klimakrisa på alvor.

– Det kjem til å skje mykje dei neste åra. Og det kjem til å krevje­ store reformer. Alt kjem til å handle om klima. Og dette ville eg gjerne vite meir om. Eg ville lære meir om klima for å forstå politikken som kjem.

Taleskrivar for Kjetil Solvik-Olsen

Vi treng ikkje dra ut av landet for å finne ein forfattar som jobbar med å skrive talar for makta. Ruth Lillegraven, som fekk Brageprisen for diktsamlinga Urd og som har hatt suksess med krimboka Alt er mitt, var tilsett i Samferdselsdepartementet frå 2007 til 2015. Der var taleskriving for statsråden hovudoppgåva hennar. Dei første åra jobba ho for Liv Signe Navarsete, sidan for Magnhild Meltveit Kleppa, Marit Arnstad, og etter regjeringsskiftet nokre år for Frps Ketil Solvik-Olsen.

Oslo 04.08.2016
Forfatter Ruth Lillegraven kommer med en diktbok for voksne og en diktbok for barn sommeren 2016.  
FOTO: JOAKIM S. ENGER

Kvifor begynte ho som taleskrivar?

Lillegraven seier det var tilfeldig.

– Eg har berre hatt to «skikkelege» jobbar i mitt liv. Den eine var i Samlaget og den andre var denne jobben. Dei hadde ingen taleskrivar i Samferdselsdepartementet, men på denne tida skulle alle departementa ha tale­skrivarar.

Ho vart oppfordra til å søkje, og seier no at tanken om ein slik jobb aldri hadde slått henne.

– Men eg var 28 år og open for å prøve noko nytt. Og West Wing var favoritt TV-serien min, så dette verka ganske kult, seier ho og ler.

LES MER: Da barnebarnet døde, sa Tua Forsström til seg selv at hun aldri skulle skrive igjen

Politisk nøytral

Men kva da med dei politiske ambisjonane? Lillegraven er tydeleg på at det å vere i embetsverket betyr at du er fast tilsett uavhengig av kven som er i den politiske leiinga.

– Du skal vere politisk nøytral, og kunne jobbe for ei politisk ­leiing den eine dagen, og ei anna den neste. Dei første åra jobba eg for ein Sp-statsråd, dei siste åra jobba eg for ein Frp–statsråd.

Jobben til saksbehandlarane er å komme med innspel til politikarane om kva dei bør gjere i ei konkret sak, fortel ho.

– Du skal ikkje jobbe for dine eigne politiske meiningar, men du er med på å forme politikken og sette han ut i live. Som taleskrivar er du mindre med på å forme han, og meir med på å formidle han.

Dansk fjernvarme

Kva gjer da ein forfattar når ho eller han er tilsett i departementet?

– Eg skriv talar, svarar Kaspar Colling Nielsen.

Lærar: – Eg saknar å lære noko nytt. Eg synes eg blir litt dum av å sitte og lese og skrive, seier Kaspar Colling Nielsen om kvifor han har pause som forfattar og heller jobbar som taleskrivar for den danske klimaministeren.

Til no har han skrive 25 talar på ein og ein halv månad.

– Typisk så får eg ein synopsis,­ og så skal eg skrive talen på bakgrunn av denne. Da gir det jo ikkje meining å skrive eit kunstverk. No har eg nettopp skrive ein tale om dansk fjernvarme. Det blir ikkje noko novelle av det.

· LES OGSÅ: «Hvilken Suzanne Brøgger får vi se nå?»

Her blir Colling Nielsen engasjert, og fortel at han gjerne vil vite noko om fjernvarme, om korleis samfunnet heng saman.

– Eg vil ikkje vere ein verdsfjern forfattar som berre skriv om mitt eige kjensleliv. Eg vil gjerne vite noko meir.

Han trekk fram at alle greiner i samfunnet er blitt spesialiserte, også det å vere forfattar.

– Det synes eg er ei skam. Eg vil vite noko om samfunnet, eg vil vere relevant i mitt prosjekt som forfattar. Og eg håper at eg blir ein betre forfattar etter eg har hatt denne jobben.

LEST DENNE? Inger Merete Hobbelstad bok om dronning Elizabeth er imponerende, selv om den av og til går seg vill i detaljene

For folk flest

Både Colling ­Nielsen og Lillegraven er hylla av kritikarane, og har gode sals­tal for bøkene dei har forfatta. Men kva kjenneteiknar ein god, politisk tale?

Colling Nielsen må for ein gong skuld tenke seg litt om når han får spørsmålet.

– Eg veit faktisk ikkje, svarar han først.

Han fortel at når han får ein synopsis, eller eit samandrag, så er dei fylt med tal og fakta. Da stiller han seg spørsmålet: Korleis kan han da få desse tala og all denne fakta til å bety noko for folk flest?

– Du skal ikkje vere populist, men det er viktig å skrive så det er lett å forstå. Utan at ein mistar det viktige eller manipulerer­ fakta.

Colling Nielsen ønskjer å sette ord på kva for utfordringar vi står i.

– Det er så mange dilemma her, og derfor må ein ikkje teikne eit glansbilde. Vi må gjere det engasjert slik at det vedkjem folk.

Usynleg skrivar

Kaspar Colling Nielsen sit på eit kontor i Klima-, Energi- og Forsynings­ministeriet i København. Han har nyleg begynt i jobben som tale­skrivar. Men kva meiner Ruth Lillegraven, som er ferdig etter sju år i teneste for staten?

– Du er berre eit verktøy, ein kanal, for ho eller han som skal tale, seier Ruth Lillegraven.

Ho meiner at ein god taleskrivar ikkje skriv det ho eller han ville sagt sjølv, men det som talaren ville sagt.

– Etter å ha jobba tett med statsråden, så blir du kjende med dei. Det er litt som romanpersonane dine, du skjønner etter kvart kva dei vil seie.

Ho legg vekt på at kvar statsråd er ulike individ med ulike preferansar.

– Men ein god taleskrivar er etter mi meining mest mogleg usynleg.

LES OGSÅ: Da jeg var ung vegret jeg meg for søvnen, vegret meg for å falle i den, skriver Vigdis Hjorth

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker