Politikk

Stortingsfleirtal vil ruste opp steinkyrkjene

Opposisjonen sikrar fleirtal på Stortinget for å setje i stand steinkyrkjene. - Gode nyhende, seier kulturminneekspert.

Senterpartiet har i lag med Ap, SV og Frp sikra fleirtal på Stortinget for å redde steinkyrkjene frå mellomalderen.

Lenge har dei 159 steinkyrkjene frå mellomalderen i Noreg hamna i skuggen for dei berømte stavkyrkjene.

Under behandlinga av Stortingsmeldinga om nye mål i kulturmiljøpolitikken onsdag, fremma opposisjonen, med Sp, Ap, Sv og Frp, eit forslag om å legge til grunn ei målsetting om at «alle steinkirker frå middelalderen skal ha ordinært vedlikeholdsnivå innan 1000-årsjubileet for slaget på Stiklestad i 2030.»

– Det inneber at steinkyrkjene skal bli restaurert til god stand og vere slik at dei berre treng løypande normalt vedlikehald. Det er det vi legg i det, fortel senterpartipolitikar Åshild Sem-Jacobsen.

Vedtaket vil bli endeleg stemt over på førstkomande måndag.

Stiklestad som milestein

Ein tidlegare tilstandsrapport samla inn av KA i 2017 såg at dei 159 mellomalderkyrkjene hadde gjennomsnittleg dårlegast tilstand av kyrkjene i Noreg. Riksantikvaren har tidlegare anslått at det vil koste kring tre milliardar kroner å setje i stand desse kyrkjebygga som er bygd før 1650.

– Dette er ein stor slump med penger, men vi meiner alvor. Og det skuffar meg stort at Venstre og KrF, som eg trudde var kulturminnepartier, ikkje blei med på forslaget, seier Sem-Jacobsen.

Fram til no har det vore kommunane sjølv som har hatt det økonomisk ansvaret for vedlikehaldet av kyrkjene. For dei har kyrkjene bydd på enorme utfordringar, seier ho.

Sem-Jacobsen seier dei vil jobbe for å starte arbeidet der trongen for vedlikehald er størst, og der kommunar har hatt stor belastning. Ho understrekar tydinga kyrkjene har for kulturhistoria.

– Korleis kyrkja har påverka det norske samfunnet og enkeltmenneska her, kan ein ikkje underdrive nok. No har vi satt 1000-årsjubileet for Stiklestad som milestein for arbeidet. Eg håpar alle vil vere i stand til då, seier ho.


Ei av Norges best bevarte middelalderkyrkjer er Tingvoll kyrkje på Nordmøre.

Intetsigande

Jorunn Lossius Gleditsch, representant for KrF i familie- og kulturkomiteen fortel at dei i stortingsmeldinga har retta merksemd mot steinkyrkjene.

– Regjeringa er særs opptatt av kyrkjene og spesielt steinkyrkjene i meldinga. Vi er opptatt av å prioritere dette i budsjetta våre og har allereie bevilga mykje penger til dette formålet. Det blir spanande å sjå om dette er tomme ord frå Sp eller om dei faktisk kjem til å prioritere dette i deira alternative budsjett, seier Gleditsch.

Venstres Carl-Erik Grimstad er saksordfører. Han seier på si side at Venstre i mange år har vore opptatt av varetakinga av steinkyrkjene.

– Målet om ordinært vedlikehaldsnivå er intetsigande. Og eit mål fram til 2030 er i realiteten ein marsjordre til Finansdepartementet om å setje i gang. Der er vi ikkje enno. Vi hoppar ikkje på slike vedtak utan at dei er utreia. Dette er eit mykje meir omfattande program enn programmet som sikra stavkyrkjene.

Men KA Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter har anslått at det er trong for tre milliardar kroner?

Eg trur ikkje tre milliardar er realistisk. Det må også sjåast i samanheng med bruken av steinkyrkjene. Trass omfattande middel, evnar ikkje kommunane å halde kyrkjene opne eller vedlikehalde dei.

– Kva seier du om dei 33 middelalderkyrkjene i hjemfylket ditt Telemark Vestfold?

At me ikkje er med på uttalinga, betyr ikkje at vi ikkje er for bevaringa av steinkyrkjene. Eg har til dømes jobba for varetakinga av steinkyrkja i Re. Ei slik satsing er kjempeviktig for kommunen og fylkeskjommunen, og det er ei slik satsing vi kjem til å følge opp, seier Grimstad.


Tingvoll kyrkje på Nordmøre er blant steinkyrkjene frå mellomalderen som no får pengar.

Skynde seg langsamt

– Dette er gode nyhende og skulle eigentleg berre mangle, seier kunsthistorikar med mellomalderkyrkjer som spesiale, Morten Stige. Han har jobba for både by- og riksantikvaren og er no i kulturminnetenesta Fabrica.

Enn så glad han er for at mellomalderkyrkjene blir sikra, saknar han eit meir heilheitlig perspektiv i dette arbeidet.

– Eg er redd for at satsinga på desse kyrkjene vil fungere som ein lynavleiar for andre kyrkjer som treng det like mykje, seier han.

For ham er summen av alle bevaringsverdige kyrkjer i Noreg, viktigare enn berre mellomalderkyrkjene. Helst ser han føre seg eit kulturminnefond for religiøse kulturminner som jobbar med eit breitt og langvarig perspektiv for vedlikehald av eldre kyrkjebygg.

– Dette for å bygge opp kapasitet og kunnskap over tid, for å hindre at arbeidet etter 2030 blir stopper opp, eller enno verre; at oppgåvene blir satt til folk som ikkje kan det. Her må det byggast kompetanse over tid, fortel Stige.

– Dette er eit felt kor ein må skynde seg langsamt.

Fint med mål

Blant høyringsinstansene var KA Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter. Då meldinga blei lagt fram uttrykte KA-sjefen Marit Halvorsen Hougsnæs ei klar forventing om at allereie påbyrja satsingar måtte bli vidareført og bli trappa opp i overgangsperioden, før ei ny lov kan vere klar.

I dag seier ho det er fint med konkrete målsettingar sjølv om måla no er klart lågare enn det Stortinget vedtok for femten år sida.

– Då var målet at eit langt større tal kyrkjer skulle ha nådd eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020, seier Hougsnæs.

Då meldinga blei lagt fram, sa ho at hennar «akilleshæl er at den mangler forpliktende planer for hvordan mål skal nås». Ho åtvara mot at arbeidet med ei ny lov eller den vidare prosessen med Opplysningsvesenets fond blir brukt som brems i prosesser som no er i gong.

– Det må ikkje skje, sa ho.

LES MER OM STEINKYRKJENE:

Våre skrøpelige steinkirker

De kan redde gamle steinkirker

Reportasjeserie: Den glemte nasjonalskatten

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Arne Guttormsen

Arne Guttormsen

Arne Guttormsen er kulturjournalist i Vårt Land.

Jo Arne Hansen Marvik

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Politikk